Ei utdanning med mange moglegheiter

Maren Ullestad (21) frå Stavanger valde å studere økonomi og administrasjon fordi utdanninga gir eit stort spekter av jobbmoglegheiter når ein er ferdig.

– Nesten uansett kva slags bedrift du går inn på, så finst det alltid ein med denne type utdanning. Eg ville ha ei utdanning som ga meg eit breitt grunnlag, men også moglegheit til å spesialisere meg innanfor eit område.

Eit veldig bra studentmiljø

Maren ville gjerne studere i Haugesund fordi det ikkje er så langt heimefrå. Ho ønskte å flytte for seg sjølv, samtidig som det skulle vere lett å reise heim.

– Det beste med å bu i Haugesund er at det er en liten storby med alt ein treng. Byen har også eit veldig bra studentmiljø og uteliv.

Undervisninga på økonomi og administrasjon består av mange forelesningar og nokre dataøvingar.

– Vi har som oftast ein eller to forelesningar kvar dag, enten på morgonen eller rundt lunsj, og så på ettermiddagen igjen. Nokre gonger har vi også sett av tid i timeplanen til å gjere oppgåver og få hjelp av lærar. Så det er litt variert, men som oftast er det vanlig forelesning i forelesningssal.

Blir kjent med mange

Kva er det kjekkaste på studiet?

Det kjekkaste er å få innblikk i korleis ei bedrift faktisk fungerer administrativt, heilt frå korleis organisasjonen er bygd opp, til korleis ting går rundt økonomisk. Det å bli kjent med mange nye folk på studiet har også vore veldig kjekt.

Kva er det mest krevjande?

Det er mykje teori og tal. Ein må likevel ikkje vere sterk i teori og matte for å ta denne utdanninga. Eg var sjølv ikkje så god i matte på vidaregåande, men når det blei fag som var interessante var det mykje lettare å jobbe med emna.  

Vil jobbe med personal eller prosjekt

Maren har lyst å jobbe på ei personalavdeling eller med prosjektleiing når ho er ferdig med studiet.

– Då eg starta på studiet ville eg bli bankrådgivar. Etter kvart som vi hadde fag innan organisasjon og prosjektleiing syns eg dette virka kjempeinteressant.

Ho trur det er mange moglegheiter ved å ta denne utdanninga.

– Eg vil anbefale studiet til dei som er interessert i rekneskap og korleis ein organisasjon fungerer, og dei som ønskjer å jobbe innanfor entreprenørskap, innovasjon, marknadsføring og prosjektleiing.

Høyres dette ut som noko for deg? Du kan studere bachelor i økonomi og administrasjon på campus Bergen, Haugesund og Sogndal. HVL tilbyr også deltidsutdanning.