Han skal leie arbeidet med å utvikle HVL sine campusar

Paul J. Manger er tilsett i den nyoppretta stillinga som leiar for strategisk campusutvikling ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Først ut i arbeidet er campusen på Stord.

Manger, som kjem frå Nordhordland og er busett i Bergen, er nytilsett ved Høgskulen på Vestlandet denne hausten. Han har tidlegare vore assisterande rådmann i Os kommune, prosessleiar for kommunereforma Os og Fusa, og ein kort periode prosjektleiar for Nye Øygarden kommune. I tillegg har han arbeidd i 15 år ved Senter for internasjonalisering av utdanning. 

Etter rundt åtte år i kommunal sektor, er Manger glad for å vere tilbake i universitets- og høgskulesektoren.

– Campusutvikling handlar om kvalitetsutvikling. I tillegg til dei fysiske strukturane på campusane handlar det i stor grad om å bygge vidare på identiteten og omdømmet til HVL. Alt vi gjer med campusutviklinga skal ha samanheng med høgskulen sitt mål om å bli eit arbeidslivsretta universitet, seier Manger.

Fem campusar – felles identitet

Kunnskapsdepartementet uttrykker i tildelingsbrevet for 2020 ei forventning knytt til overordna campusutviklingsstrategi. I tillegg er det forventa ein campusutviklingsplan for kvar enkelt campus, for å sikre perspektivet om ein felles identitet, samstundes med å vareta særtrekka ved den enkelte studiestad. 

Den nye prosjektleiaren fortel at det er viktig med dialog og rausheit når ein skal bygge ein felles identitet mellom fem campusar.

– Det blir spennande å arbeide med kultur og identitet. Kvar campus har sine særtrekk, og desse må vi ta vare på, samstundes med at vi byggar HVL saman.

Havet som læringsarena

Først ut i prosjektarbeidet er campus Stord.

– I vår samla over 60 personar seg frå lokalsamfunnet og regionen – inkludert HVL-tilsette og studentar – for å utvikle idear for campusen i framtida. 17. september skal vi starte arbeidet med å følge opp ideane som kom fram, seier Manger.

På den digitale konferansen blei det kåra eit vinnarkonsept for campus Stord: Campus Stord – med havet som læringsarena. Tanken er å i større grad kople campusen til storindustri, hav og berekraft.

Les meir om konferansen her.