HVL med på nytt prosjekt om folkehelse og eldre

Både studentar og forskarar ved HVL er involvert i det nye byggeprosjektet Helgetun. Her skal eldre få ein god alderdom saman med barn, dyr og natur.

Femten minutt utanfor Bergen sentrum kjem du til nesten landlege omgjevnadar på Helgeseter. Her er det frå før ein gard med dyr, ein barnehage og ei stifting for personar med utviklingshemming.

På same område kjem det no eit leilegheitskompleks bygd av GC Rieber. Her skal ei stor gruppe eldre – både par og einslege – flytte inn til våren. Målet er å skape eit betre seniortilvære der dei eldre har kontakt med dyr, barn og naturen rundt, og der dei forhåpentlegvis kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Studerer ute- og innemiljø

Tilknytta prosjektet er HVL-forskarar og studentar på 3. året ved bachelorstudiet folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet. Blant dei er Margrethe Persson Fosen og Andreas Ihle, som studerer både inne- og utemiljøet ved Helgetun-komplekset.

- Oppgåva vi har fått er å sjå på korleis inne- og ute-miljøet best mogleg kan tilretteleggast med tanke på fysisk aktivitet og kosthald for dei eldre som snart flyttar inn, fortel Ihle.

-  Vi har intervjua nokre av dei kommande leietakarane, om kosthald, sosiale helse og fysisk aktivitet. Dataene nyttar vi til vår eiga oppgåve, som vi presenterer 30. oktober, fortel Fosen.

Eldre som ein ressurs

I tillegg skal høgskulelektor Frøydis Hausmann ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag sørge for forsking på denne typen eldrebustad, som ho meiner er eit heilt nytt og framtidsretta konsept:

- Helgetun høyrer til eit antroposofisk syn, at mennesket er av åndeleg natur og skal vende tilbake til eit åndeleg tilvære. Målet er at dei skal bu på Helgetun livet ut.

For å få det til, vil rullerande helsepersonell få eit eiga rom i bygget.

- Eldre er ein ressurs og skal ikkje plasserast bort. Mange eldre er einsame, og derfor ville GC Rieber legge til rette for ein meiningsfull alderdom, seier Bjart Nygaard i GC Rieber.

Blir bacheloroppgåver

For å få plass på Helgetun måtte søkarane vere over 65 år og villige til å engasjere seg i «landsbyen» av barnehage, gard og drivhus. Det utgjer eit godt utgangspunkt for studentane på folkehelse:

- Dette ser vi for oss blir potensielle bacheloroppgåver og forskingsprosjekt der vi kan følge leietakarane over fleire år. Det er viktig at studentane også er ute i feltet og snakkar med brukarar. Det er viktig for profesjonen og det definerer yrket, seier Hausmann.

 

Fakta om prosjektet:

  • HVL-forskarar skal saman med studentar kartlegge fysisk form og dei forventningane dei kommande leietakarane har.
  • Leietakarane blir testa i fysisk form før innflytting, tre månadar etter flytting og deretter eitt år etter innflytting. Slik undersøker dei om innflytting i denne type bustadar medfører endringar i fysisk form. Det blir i tillegg sjølvrapporterte spørjeskjema.
  • Av HVL-forskarar som deltar i forskingsprosjektet, er Hege Randi Eriksen, Anne Henriksen, Susanne Wembstad og Frøydis Hausmann.