Innspel til instituttstruktur

Her kan du sjå fråsegner om korleis fakulteta for helse- og sosialfag og ingeniør- og naturvitskap bør organiserast.

Dekanane for dei to framtidige fakulteta sendte ut grunnlag for høyringa like før sommaren.

No er fristen for å kome med innspel til modellane gått ut, og her kan du sjå innspela som har kome inn.

Helse- og sosialfag

Forslag til modellar blei sendt ut 30. juni, og i perioden 9.–24. august har den nye dekanen halde høyringsmøte i fagmiljøa ved alle campus. Her diskuterte ein modellane og arbeidet med dei, og innspel blei notert.

I tillegg til at det blei ført referat frå høyringsmøta, inviterte ein til at fagmiljø eller tilsette kunne sende inn skriftlege innspel via leiar.

Måndag 28. august blei det halde eit utvida leiarmøte med alle instituttleiarane og utdanningsleiarar, der ein gjekk gjennom innspela. Her såg ein mellom anna på kva det er stor einigheit om, kva det er ueinigheit om og kva som gjenstår å avklare.

Dekan Randi Skår skal no med støtte frå dekangruppa arbeide vidare med ein modell for organisering på bakgrunn av høyringsinnspel og føringar frå dette møtet.

Innspel til modellar for fagleg organisering på nivå 3 i Fakultet for helse- og sosialfag (FHS).

Ingeniør- og naturvitskap

Forslag til modellar blei sendt ut 30. juni, og høyringa er blitt gjennomført ved hjelp av Questback. Det har kome 16 svar på høyringa.

Den nye dekanen, Geir Anton Johansen, held denne veka høyringsmøte i fagmiljøa:

  • Haugesund: onsdag 30. august kl. 13–15
  • Førde: torsdag 31. august kl. 9–11
  • Sogndal: torsdag 31. august kl 14.00–15.30 
  • Bergen: fredag 1. september kl 11.15–13.00

Høyringsfråsegn: Forslag til struktur i Fakultet for ingeniør- naturvitskap (FIN).

Kva skjer no?

Instituttstrukturen blir vedteke i styremøtet 28. september. Den 6. og 7. september skal det vere eit leiarmøte der organisering av dei nye fakulteta skal sjåast samanheng inn mot styresaka. 

Før saka kjem til styret skal ho også drøftast med dei tillitsvalde. Saka vil bli ferdigstilt kring 15. september.

Følg arbeidet med å utvikle den nye organisasjonen på www.hvl.no/ou