Instituttstruktur for ingeniør- og naturvitskap

Modellar for instituttstruktur ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap er no sendt på høyring med frist 24. august. Høyringsmøte vil bli gjennomført i august.

Mange tilsette har allereie begynt på ferie, og det kan dei trygt halde fram med. Høyringa blir sendt ut no slik at dei som framleis er her, skal ha høve til å sjå på det, og slik at grunnlaget ligg klart når ein returnerar.

Det er to modellar som er sendt på høyring, ein med sju institutt og ein med fem institutt. I modellen med fem insitutt er det fleire ulike alternativ.

Høyringa vil bli gjennomført med hjelp av Questback, og den nye dekanen vil halde høyringsmøte i fagmiljøa i august. 

Høyringsfristen er 24. august.

Sjå høyringsbrev: Forslag til struktur - Fakultet for ingeniør- og naturfag.

Les meir om organisasjonsuviklingsarbeidet på www.hvl.no/ou