HVL blir med i europeisk KI-nettverk

KI-miljøa i Norge styrkar samarbeidet og blir del av det europeiske forskingsnettverket innan kunstig intelligens – ELLIS.

European Laboratory for Learning and Intelligent Systems (ELLIS) er eit nettverk som samlar KI-forskingsmiljø over heile Europa. Målet er å styrke Europas posisjon innan kunstig intelligens, og bidra til at europeiske land kan forme korleis KI-teknologi bør utviklast og brukast. Gjennom etableringa av ELLIS Unit Norway, blir HVL no ein del av dette samarbeidet. 

Nasjonalt initiativ

ELLIS omfattar i dag 21 land og vel 50 einingar i Europa. Den nye norske eininga, ELLIS Unit Norway, er resultat av eit samarbeid mellom UiT, UiO, UiS, NTNU, HiØ  og HVL. Institusjonane representerer ulike KI-miljø, og blir formalisert etter ein felles søknad som har blitt vurdert og godkjent av ELLIS.

Professor Reza Arghandeh er HVL sin kontaktperson inn i nettverket.

– KI utviklar seg svært raskt, og dei store forskingsutfordringane kan ikkje løysast av enkeltinstitusjonar åleine. Gjennom ELLIS får vi moglegheit til å samarbeide med nokre av dei fremste KI-forskarane i Europa, dele kunnskap og utvikle nye forskingsprosjekt, fortel han.

Han legg til at samarbeidet også gir betre moglegheiter til å tiltrekke seg dyktige forskarar og studentar til Noreg.

– For HVL er dette ei flott høve til å styrke den internasjonale posisjonen innan KI-forsking. Vi har sterke fagmiljø innan mellom anna anvendt KI, energi, klima og geodata. Gjennom ELLIS kan vi bidra med vår kompetanse samtidig som vi byggjer nye samarbeid i Europa.  

ELLIS Unit Norway dekkjer både grunnleggande og anvendt KI-forsking på område som til dømes energi, klima, helse, jordobservasjonar og påliteleg KI.

Prodekan for nyskaping og regional utvikling Øyvind Midtbø Berge er glad for at HVL blir del av samarbeidet.  

– Det er veldig positivt at vi har aktive og dyktige KI-forskarar som er kopla til europeiske forskarnettverk. Samarbeid på tvers av landegrensene bidrar til at vi blir involvert i utviklinga, og at vi får tilgang til forskingsfronten på KI,  kommenterer Berge. 

Fakta om ELLIS

  • ELLIS eit grasrotinitiativ frå europeiske KI-forskarar, grunnlagt i 2018. 

  • Nettverket har om lag 2300 medlemmer, fordelt i 21 europeiske land.

  • Målet er å styrke europeisk forsking på kunstig intelligens, sikre at viktig grunnforsking blir utført i Europa, og sette europeiske land i stand til å påvirke korleis KI-teknologi blir utvikla og tatt i bruk. 

Kjelde: Ellis.eu