Bli med på HVL-konferansen 7. mai

Tema er kunstig intelligens (KI) sin påverknad på undervisning, forsking og administrasjon i høgare utdanning og samfunnet.

Med dette bygger Høgskulen på Vestlandet vidare på temaet frå 2024 «Høgare utdanning i framtida – kunstig intelligens».

Konferansen er retta mot HVL sine tilsette, studentar og samarbeidspartnarar.

– Innsikt og samtalar om korleis kunstig intelligens påverkar undervisning, forsking og administrativ bruk, er heilt avgjerande for HVL og for alle i sektoren. Vi ser fram til ein innhaldsrik ettermiddag om eit felt i stor utvikling, seier Geir Kåre Resaland, prorektor for regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet. 

Innan undervisning går det for tida føre seg mange nyskapande prosjekt der tilsette ved HVL utforskar bruken av kunstig intelligens. Mellom anna vil førsteamanuensis Tine Grieg Viig snakke om KI som musikalsk partnar under vårens konferanse. 

KI-milliarden og maritimt forskingssenter for kunstig intelligens

I bolken om Ki i forsking får vi innsikt i vidt ulike fagfelt sin bruk av kunstig intelligens. Utgangspunktet her er søknadene til Norges forskningsråd sine to utlysingar KI forskingssenter-utlysning og Maritimt forskningssenter for kunstig intelligens.

Forskingsrådet si satsing på kunstig intelligens og digitale teknologiar handlar om éin milliard kroner til nye KI forskingssenter dei neste fem åra. Av dei 50 søknadane som no konkurrerer om støtte til fire til seks KI-senter, er HVL med som partnar i åtte søknader.

– Vi er spent på om nokre av søknadene der HVL er med vil få støtte. Det vil ha mykje å seie for satsinga på KI i fagmiljøa som er med og for HVL som forskingsinstitusjon, seier Christine Øye, prorektor for forsking ved HVL. 

Professor Reza Arghandeh ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi leier eit av prosjekta som søker KI-milliarden. Under HVL-konferansen får du høyre meir om "Centre for AI-Based Societal Decision Support". Foto: HVL/Ingvild C. Festervoll Melien. 

Korleis brukar studentar kunstig intelligens?

Under konferansen vil det også bli ein eigen bolk om administrativ bruk av KI og studentar sin bruk av KI. 

Konferansen blir avslutta med ein paneldebatt der barrierar og moglegheiter for KI i høgare utdanning blir diskuterte, med deltaking frå tilsette, studentar og leiarar.

Om HVL-konferansen

  • 7. mai, kl. 13.00-15:45. 
  • Detaljert program for HVL-konferansen kjem på denne sida
  • Digital konferanse som blir strøyma frå Mimes Brønn, HVL Kronstad
  • Konferansier: Andrea Grutle, leiar Studenttinget på Vestlandet
  • Ansvarleg arrangør: prorektor for regional utvikling, Geir Kåre Resaland
  • KI-koordineringsgruppa ved HVL har ei sentral rolle i arrangementet.