
HVL-konferansen
Velkomen til HVL-konferansen onsdag 7. mai 2025. Årets tema: Kunstig intelligens (KI) si påverknad på undervisning, forsking og administrasjon
Takk til alle som bidro og var publikum på HVL-konferansen!
Visuelt referat
Toppbildet på konferansesida er bytta ut med Hanne Maren Meldahl sitt visuelle referat av HVL-konferansen 2025.
Meldahl er høgskulelektor og kunstnar og jobbar ved Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet. Meldahl har lang erfaring med å bruke teikning som verktøy for refleksjon, læring og visuell formidling.
Som graphic recorder – eller visuell fasilitator – teiknar ho i sanntid under føredrag og samtalar. Gjennom ein kombinasjon av tekst og illustrasjon oppsummerar ho det som skjer, og skapar eit visuelt referat som løftar fram ideer, omgrep og stemningar.
Denne teikninga er eit resultat av hennar live-arbeid under konferansen, og kan fungere både som dokumentasjon og inspirasjon.
Kanskje kan den og gi oss nokon nye perspektiv på det vi har vært saman om i dag?
Om konferansen
HVL-konferansen blei arrangert for fjerde gong i 2025. Tema var korleis kunstig intelligens (KI) påverkar høgare utdanning og forsking. Konferansen rettar seg mot HVL-tilsette, studentar og samarbeidspartnarar. Gjennom innlegg blei tema som KI i undervising, forskingssamarbeid, og administrativ bruk belyst. Medlemmar av HVL si eigen KI koordineringsgruppe spelte ein sentral rolle i arrangementet. Konferansen blei avslutta med ein paneldebatt kor barrierar og moglegheiter for KI i akademia blei diskutert, med deltaking frå ekspertar og leiarar.
Konferansen blei strøyma frå Mimes Brønn med moglegheit for å delta fysisk.
Konferansier: Andrea Grutle, leiar for Studenttinget på Vestlandet.
