HVL styrker satsinga på yrkesfag med nytt mastertilbod

– Vi har lenge ønska at yrkesfaglærarar skal få eit like godt tilbod som andre lærarar, seier førsteamanuensis Ann Karin Sandal stolt. No er 22 studentar i gong med ny masterutdanning for yrkesfaglærarar.

Det har i over fleire år vore ein politisk vilje til å satse på yrkesfaga og det å styrke yrkesfaglærarutdanninga. Det er i yrkesfaga at fråfallet i vidaregåande skule er størst, og det er eit stort behov for fagarbeidarar i framtida.

Ei god lærarutdanning er viktig for satsinga. No får endeleg yrkesfaglærarar, på lik linje med andre lærarar, eit mastertilbod på Vestlandet som er spesielt retta inn mot deira arbeidsfelt.
 
17. januar starta kurset for yrkesfaglærarane, der dei vil oppnå mastergrad etter fullført masterstudie ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). HVL er første utdanningsinstitusjon som gir eit permanent tilbod på Vestlandet. Sandal fortel at det lenge har vore eit ønske om å få tilbodet etablert, ettersom HVL er ein av dei store lærarutdanningane i Noreg:
 
– Dette er ein milepåle for fagmiljøet i HVL og for det yrkesfaglege miljøet på Vestlandet, seier førsteamanuensisen.
 

– Har venta på dette

22 studentar er no godt i gang med studiet. Dei fleste er lærarar i vidaregåande skule, eller dei kjem frå næringslivet og driv med kurs og opplæring. Kjetil Lande jobbar i Trainor Elsikkerhet AS og gir opplæring og kurs både til lærlingar, tilsette og daglege leiarar innan elektro-verda.

– Eg og ein kollega har venta lenge på at dette mastertilbodet skulle bli godkjent, for dette er verdifull læring som vi kan gi vidare til kursdeltakarar og bedrifter. No kan vi lære meir av det pedagogiske. Eit vellykka kurs er avhengig av ein god kursleiar, seier Lande.

Elisabeth Rygg Stenhjem har sin bakgrunn frå helsesektoren, og jobbar i dag som lærar for kommande helsefagarbeidarar ved Årstad vidaregåande skule i Bergen. Motivasjonen hennar for å søke seg til studiet ved HVL var å kunne skape lærelyst hos elevane sine.

– Eg ønsker å utvikle meg som lærar, og å tileigne meg kunnskap om pedagogisk entreprenørskap. Korleis kople teori og praksis, slik at elevane forstår det på ein betre måte? Korleis skape motivasjon? Det synest eg er spennande.

Studenter yrkesfaglærer.jpg

Studentar Elisabeth Rygg Stenhjem og Kjetil Lande. Foto: Privat

Mange har sakna eit mastertilbod

Frå før tilbyr HVL praktisk pedagogisk utdanning (PPU) for yrkesfag og har ein vidareutdanningsportefølje for yrkesfaglærarar. Men studentane har også sakna eit mastertilbod.

– Tilbodet skal utvikle praktisk og forskingsbasert kompetanse i skulane og i arbeidslivet. Spesialisering i engelsk eller matematikk kan du ta ved mange lærarutdanningar, mens spesialisering i yrkesdidaktikk er mindre tilgjengeleg, sjølv om behovet i skule og arbeidsliv er til stades, seier Sandal.

Dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Asle Holthe, meiner at det nye tilbodet vil styrke HVL si regionale og nasjonale rolle innan lærarutdanning.

– Dette gir også framtidige masterkandidatar innanfor yrkesfag høvet til å søke opptak til doktorgradsprogram, som igjen bidrar til å styrke yrkesfaga, seier han.

Døme på det arbeidslivsretta universitetet

Høgskulen på Vestlandet har som mål om å bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet, og dette tilbodet er eit døme på vår arbeidslivsretta profil.

– Vi skal utvikle høgskulen i tråd med behova i arbeidslivet. Over tid har vi bygd opp eit solid fagmiljø ved campusane i Bergen, Sogndal og på Stord. Det samla fagmiljøet har høg kompetanse knytt til dette fag- og forskingsfeltet, seier Sandal.

– Yrkesfaglærarar kan gjennom ein master auke kvaliteten på den skulebaserte delen av fagopplæringa. Vi legg vekt på at lærarane utforskar det yrkesfaglege feltet i sitt fag, og kva som er kompetansebehova i framtida, avsluttar ho.

 

Fakta om Master i didaktiske praksisar:

  • Samlingsbasert mastergrad i didaktiske praksisar med 6 ulike spesialiseringar
  • Dette er første gongen HVL tilbyr spesialisering i yrkesdidaktikk
  • Yrkesdidaktikk handlar om korleis legge til rette for undervisning og læring
  • Om lag halvparten av alle elevar tar yrkesfag i vidaregåande opplæring
  • Det er tre vegar inn for å få opptak til studiet: 1) Du har ein treårig bachelorgrad som yrkesfaglærar, 2) At du har ein treårig bachelorgrad innanfor ei profesjonsutdanning, til dømes sosionom, sjukepleiar, ingeniør, 3) Du har fagbrev og nokre års arbeidserfaring, i tillegg til PPU og eitt år med spesialisering innan yrket ditt. Til dømes elektrikarfagbrev og eitt år med teknisk fagskule.
  • Les meir her: https://www.hvl.no/studier/studieprogram/didaktiske-praksisar/