Idear gir midlar

Ønsker du å søkje støtte til å utvikle ein innovasjonsidé? Program for idéutvikling held seminar på tre campusar før søknadsfristen 30. mars.

Program for idéutvikling er ei særskilt satsing frå HVL retta mot eigne studentar og tilsette. Målet er å gi eit løft til innovasjonsprosjekt i ein tidleg fase. Konkret er målet å støtte slik at gode idear faktisk kan bli testa ut. I eit lengre perspektiv ønsker programmet å bidra til ein kultur der det er lettare for tilsette og studentar å vere kreative og nyskapande.

Webinar og innovasjonsseminar

Det blir rikeleg med sjanse til å få meir informasjon om korleis ein søkjer. 23. februar vil Avdeling for forsking, interansjonalisering og innovasjon (AFII) og HVL Skape ha eit webinar om årets utlysing. Sjå kalenderen for meir informasjon og zoom-lenke.

Webinaret er for både tilsette og studentar. I tillegg blir dei ei rekke av innovasjonsseminar for tilsette, 2. mars i Sogndal. 6. mars i Bergen. 7. mars i Haugesund. Der fortel AFII meir om korleis forsking kan gjerast nyttig og bli kommersiell. Der får ein også møte HVLs samarbeidspartnarar på området, Kunnskapsparken Vestland i Sogndal, Vestlandets innovasjonsselskap i Bergen og Valide i Haugesund. Oppfordringa er å diskutere eigne prosjekt- eller forretningsidear i møte med desse.

Du kan melde deg på seminara på lenkene nederst på denne sida.

Dette er andre året desse midlane blir lyst ut ved høgskulen. I 2022 kom det inn atten søknader, med ein god fagleg bredde i søknadene. Fem prosjekt blei valt ut til å dele potten på 1,5 millionar kroner. Det ligg an til at potten blir like stor i 2023. Studentar kan søkje om 30 000 – 100 000 kroner, medan tilsette kan søke om opp til 500 000 kroner i støtte.

Du kan lese meir om kva du kan søke støtte til og kven som kan søke støtte i den formelle utlysinga frå Program for ideutvikling ved HVL.

Meld deg på!

Dei tre innovasjonsseminara for tilsette har kvar sine påmeldingsskjema. Klikk på den datoen/staden som passar best for deg, fyll ut og send inn!

Og fristen for å søkje midlane er altså 30. mars.