Styrker samarbeid med India om framtidas energiløysingar

Sist veke signert HVL ein ny samarbeidsavtale med Council of Scientific and Industrial Research i Coimbatore i India. Med det følgjer HVL opp det det grøne strategiske partnarskapet som Noreg og India etablerte tidlegare denne våren.

- Det markerer eit viktig steg i arbeidet med å utvikle berekraftige energiløysingar på tvers av landegrenser, seier rektor Gunnar Yttri.

Han deltok på den store energikonferansen i India sist veke saman med fleire kollegaer i frå HVL, og fortel at den såkalla «Coimbatore Declaration on Multi-lateral Clean Energy Cooperation» opnar for eit utvida samarbeid.

- Utviklinga vi no får til ligg i det sterke fagmiljøet rundt vår professor Dhayalan Velauthapillai. Her vil forskarar og fagmiljø jobbe tett saman om framtidsretta teknologi innan mellom anna hydrogen, solenergi og energilagring. Målet er å bidra til lågare utslepp, styrkt energisikkerheit og grøn vekst i begge land.

For Høgskulen på Vestlandet opnar dette nye moglegheiter for internasjonalt forskingssamarbeid, tilgang til leiande fagmiljø og utvikling av utdanningar som møter behova i det grøne skiftet

– Dette handlar om å vere med der løysingane blir utvikla, og sikre at kunnskapen kjem både studentar, næringsliv og samfunnet til gode, seier Yttri.