
Innovasjonsprosjekt ga overraskande svar
Ergoterapistudentar ved HVL skulle undersøkja universell utforming for kortvokste personar. Dei blei overraska over svara dei fekk.
Folk stirrar på deg. Andre tek bilete. Andre igjen insisterer på å følgja deg over vegen sjølv om du forklarar at du fint klarer det sjølv.
Dette er situasjonar ergoterapistudentar ved HVL fekk skildra av kortvokste personar.
Dei skulle eigentleg undersøkja universell utforming for kortvokste personar i Noreg, men dei blei overraska over svara dei fekk.
- I samtalane og intervjua forstod vi at haldningar og manglande kunnskap i befolkninga var ei like stor utfordring for dei som dei fysiske omgivnadane. Så då endra vi fokus og valde å sjå nærare på korleis ein kan hindre diskriminering, seier Linn Thoresen Rasmussen.
Rasmussen har saman med andre ergoterapistudentar på høgskulen delteke på eit heilt nytt undervisningsopplegg der innovasjon har vore hovudfokuset. Studentane har jobba med eit innovasjonsprosjekt der dei blei utfordra til å løysa ein aktuell samfunnsutfordring. Gruppa til Rasmussen og ei anna gruppe valte følgjande: Bryt Noreg menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne?
Noreg har forplikta seg til å følgje FN-konvensjonen om menneskerettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). Konvensjonen skal bidra til å motverke diskriminering, men den er enda ikkje innlemma i norsk lov.
Innovasjon + ergoterapi = sant!
Bak det innovative undervisningsopplegget står ein person med ein heilt spesiell bakgrunn. Eline Fjærestad Dalseth er gründer og den første ergoterapeuten i Noreg som tok ein mastergrad i innovasjon og entreprenørskap. Ho har arbeida hardt for å innarbeide innovasjon i undervisninga på ergoterapi.
- Eg har hatt lyst til å riste litt laus, gi rom til meir kreativitet og gründertenking. I dette prosjektet har det vore viktig å vise initiativ, diskutere og greie å finne fram til gode løysingar, sier Dalseth.
Bilde: Høgskulelektor Eline Fjærestad Dalseth brenn for innovasjon. Ho er gründer og den første ergoterapeuten i Noreg som tok ein mastergrad i innovasjon og entreprenørskap.
Design thinking eller designdrevet innovasjon har vore ein viktig del av timeplanen. Det er ein innovasjonsmetode der mennesket er i fokus, og der ein baserer seg mykje på innhenting av informasjon om målgruppa, deira behov og ønsker.
Framgangsmåten er kopla til kjende innovatørar som Mac-grunnleggar Steve Jobs, men ein finn også spor av denne tankegangen i måten ein laga hit-serien Skam, der ein brukte intervju og undersøkingar for å finne ut kva målgruppa ønska å sjå.
Vise fram annleisheit
For Dalseth var det naturlig å kople innovasjon og ergoterapi.
- Det er mange parallellar mellom god innovasjon og dei metodikkane og tankane som ligg til grunn for ergoterapi. Alt startar med empati. Du er nøydt til å bli kjent med målgruppa og bruke tid på å kartlegge kva det er dei eigentleg treng, dette kan føre deg inn på nye og betre spor, seier ho.
Og det var nettopp det studentane fekk oppleva. Innsikta i målgruppa fekk auga deira opp for at det var andre utfordingar kortvokste personar opplevde enn det dei trudde før dei starta på prosjektet.
Løysinga deira blei eit undervisningsopplegg i skulen, temaveker og ulike måtar ein kan skape kunnskap og haldningsendringar ved å synleggjere menneske som kanskje har blitt gjort usynlege.
- Alle veit at born kan være nysgjerrige når nokon er annleis, men då blir ein ofte fortalt at ein ikkje skal stirre og ikkje skal spørje. Kanskje er dette med på å gjere det som er annleis usynleg? Då er det kanskje betre å synleggjere, forklare og vise fram annleisheit, heller enn å late som om det ikkje finst, seier Kaja Emilie Bredesen.
Større stoltheit over faget
At prosjektet og løysinga endra form etter samtalar med dei ein lagar løysinga for er nettopp poenget med god innovasjon, meiner Dalseth:
- Det nyttar ikkje å holde fast på ideen, ein må kunne lytte og gjere endringar og tilpassingar. Slik kjem ein fram til gode løysingar. Det er viktig at studentane gjer grundige undersøkingar og intervju. Dei må være som detektivar!
Studentane seier at innovasjonsprosjektet har utvida forståinga deira av faget.
- Ergoterapi handlar ikkje berre hjelpemiddel og universell utforming, det kan og handle om haldningar.
Alle sit igjen med meir sjølvtillit og ei større forståing av kva slags forskjell dei kan gjere.
- Eg kjenner på ein større stoltheit over faget eg har valt. Tidlegare har det vore vanskeleg å finne ord når familie og vener har spurt kva eg eigentleg gjer som ergoterapeut, men no kjenner eg meg mykje tryggare, seier Elen Roaldsen-Skadberg.
Dårleg tilrettelegging er isolerande
Ei anna gruppe som også såg på menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne, valde å sjå på universell utforming for unge som brukar rullestol.
Ein rullestolbrukar gruppa intervjua fortalte dette:
- I 2021 telte eg kor mange butikkar/restaurantar langs Bryggen eg kom inn på utan å ha med eigen rampe. Av 17 plasser kom eg inn i to lokale utan assistenten eller medbrakt rampe.
- Det dukkar stadig opp saker som viser at samfunnet vårt ikkje er godt nok tilrettelagt. Våre intervju viste at dette er isolerande og at det har stor innverknad på livet til unge som sit i rullestol. Du er ung, du er student, du har lyst til å dra ut på byen, du vil gjerne inn på ein butikk eller gå på restaurant, men ofte er det ikkje mogleg utan hjelp, seier Elen Roaldsen Skadberg.
For ein ergoterapeut er det viktig å sjå enkeltmennesket, deira behov og utfordringar for å finne gode løysingar. Men i dette prosjektet har studentane fått lov til å heve blikket, og sjå på korleis vi kan løyse større utfordringar i samfunnet.
Ergoterapeutar inn i samfunnsplanlegging
Løysing til denne gruppa var å inkludera ergoterapeutar meir i samfunnsplanlegging.
- Mange trur ergoterapeutar berre fiksar rullestolar eller tilpassar toalett, men eg trur samfunnet har mykje å tene på å bruke kunnskapen vår på fleire område, seier Kaja Emilie Bredesen.
- Vi tok kontakt med nokre arkitektar for å høyre om dei nokon gong hadde samarbeida med ein ergoterapeut. Dei svara nei, men eg trur slike samarbeid har mykje for seg og at vi har mykje å bidra med, seier Maria Johanne Nesheim.
Studentane har inntrykk av at det må store haldningsendringar til og at universell utforming må bli ein meir gjennomarbeida tanke frå byrjinga av eit prosjekt, framfor ikkje ein påklistra ettertanke.
Ein klar visjon
Studentane er einig om at Noreg har ein lang veg å gå før me har eit inkluderande samfunn der personar med nedsett funksjonsevne får oppfylt sine menneskerettar. Men visjonen deira er klar:
- Me må skapa eit samfunn som er like tilgjengeleg for alle til tross for ulike føresetnader. Ergoterapeutar har kunnskap som kan bidra til eit samfunn kor alle kan delta.