Involverer bachelorstudentar i prosjektutviklinga

I fjor fekk HVL-studentbedrifta Amiroh ein million kroner frå Forskningsrådet for å utvikle ein smart sminkespegel. No har dei fått to bachelorstudentar i automasjon til å skrive oppgåve for verksemda.

- Ideen bak Amiroh er å utvikle ein spegel, der ein kan tilpasse lyset etter ulike forhold, som til dømes etterliknar dagslys eller lyset på ein nattklubb. Spegelen fungerer òg som ein dataskjerm, slik at ein kan sjå videoar og anna innhald, fortel Eirik Dragsund Sverd, som er ein av dei tre gründerane bak Amiroh.

Motiverande prosjekt

Saman med Kent Bruvik og Iver Osnes jobbar Sverd no med eit bachelorprosjekt, som er tilknytta Amiroh, der dei tre automasjonsstudentane utviklar lysstyringa av spegelen.

- Mange ferdige bacheloroppgåver blir berre lagt i ei skuff når dei er ferdige, men arbeidet vi legg ned her, er avgjerande for eit verkeleg produkt, og det er veldig motiverande, seier Sverd.

Sidan prosjektet starta opp 1. august, har Amiroh fått produsert 20 prototypar av spegelen og i tillegg utvikla ein android-app. Neste mål er ein finansieringskampanje, der folk kan førehandsbestille spegelen, og få han levert når han er ferdig.

Vil vekke engasjement blant unge

Den andre HVL-bedrifta som fekk ein million i støtte var DramaX. Gruppa består av Marte Rosenvinge, Trine Ask og Ingelin Mjåseth Hilland, som er barnehagelærarar med vidareutdanning i drama. Deira forretningside er å tilby «Teater i undervisning» (TIU) for barnehagar og skular.

- Prosjektet vårt skil seg frå mange andre gründerprosjekt ved at vi sel oss sjølv, ikkje ei vare som kan masseproduserast, seier Marte Rosenvinge.

Marte Rosenvinge, Trine Ask og Ingelin Mjåseth Hilland utviklar ei interaktiv teaterforestilling for unge.

Klare for lansering

TIU er ein oppsøkande teatersjanger, som til no er lite kjend i Noreg. Føremålet er å skape ein arena der ein kan vekke engasjement for samfunnsaktuelle problemstillingar blant barn og unge.

- Vi lanserer den første førestillinga vår i mars, og då kan skulane kjøpe tenesta av oss. Det manglar kompetanse på drama, og det er her vi kjem inn i bildet, forklarer Rosenvinge.

Som ein del av prosjektet skal DramaX også undervise og rettleie dramapedagogikkstudentar ved HVL i TIU.

Kultur for entreprenørskap

Øyvind M. Berge ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling er glad for at studentbedriftene no involverar fleire HVL-studentar i form av mellom anna nye bachelorprosjekt.

- Siktemålet med STUD-ENT-ordninga er todelt. I tillegg til prosjektstøtte til dei aller beste studentprosjekta i landet, er målet at løyvingane skal bidra til å bygge ein kultur for entreprenørskap på norske universitet og høgskular, seier Berge.


Fakta om STUD-ENT:


STUD-ENT er Forskningsrådet si ordning for å fremje studententreprenørskap og motivere studentar til å bli gründerar. Amiroh og DramaX var to av fire prosjektsøknader som vart sendt inn frå Høgskulen på Vestlandet i 2017, og som no har arbeidsplass i studentinkubatoren «Fabrikken».

Årets søknadsfrist for STUD-ENT er 14. februar 2018.

Studentar som ønskjer informasjon om STUD-ENT eller tilgang til studentinkubatoren «Fabrikken» kan ta kontakt med Mohnsenteret.