
Israel/Gaza-krisa uroar og engasjerer
Ved inngangen til desember vart våpenkvila mellom Israel og Hamas broten. På ny er det bombeangrep og militære operasjonar som rår. Utviklinga uroar og opptek tilsette og studentar i høgskulen.
– Det er forferdeleg leitt at våpenkvila vart avbroten. Skuldlause sivile vert råka. Vald avlar meir vald. Reelle forhandlingar om ei varig fredeleg løysing må koma i gang snarast. Det er den einaste vituge og farbare vegen ut av konflikten, seier rektor Gunnar Yttri.
Han fortel at han møter tilsette og studentar som kjenner på uro og sorg, men som òg har eit engasjement.
– For HVL er det viktig at alle tilsette og studentar opplever ein høgskule som gir gode og trygge arbeidsvilkår også i urolege tider. Det å kunna venda seg til ein leiar eller til ein studentrådgjevar med det som tyngjer ein, er del av dette. Dette har me merksemd på.
Les tidlegare sak
Engasjementet rundt konflikten utløyser også fagleg aktivitet mellom tilsette. Denne veka er det to tilstellingar på campus Bergen med Gaza, Palestina og Israel som tema.
Onsdag 6. desember dannar biblioteket arena for ein faglunsj. Førsteamanuensis i interkulturelle studiar ved NLA Høgskolen, Kjersti G. Berg, presenterer der boka «Palestina. Fakta på bakken.».
Dagen etter inviterer fleire fagtilsette til «Akademisk dugnad for Gaza» i Global Lounge og søkjer svara på viktige spørsmål. Kan ei fredeleg løysing finna stad? Kan ei to-stats-løysing realiserast? Fleire problemstillingar vert sett lys på.
Rektor gir ros til både dei som legg til rette for kunnskapsdeling, og til dei som brukar sine fagkunnskapar til å gi innsikt og perspektiv i konflikten i Midt-Austen.
– Fagleg formidling og å synleggjere kunnskap er ein vesentleg del av samfunnsoppdraget vårt, det gjeld i fred og ufred. Eg er takksam for at me har ei rekkje dyktige fagformidlarar innanfor våre fagområde, seier rektor. Og han avsluttar slik:
- I ein konflikt som er so valdeleg, kløyvande og desperat som det som no utfaldar seg, er det å opplysa og diskutera sakleg, balansert og forskingsbasert uhyre krevjande og utfordrande. Men opplysing er også grunnleggjande viktig. Kunnskap kan syna veg ut av uføret. Eg trur også at det å koma saman og ta del i eller lytta til kunnskapsbaserte ordskifte, styrkar både den einskilde og fellesskapen i krevjande tider.