To av tre HVL-kandidatar får jobb før dei er ferdige med studiet

Martine Fjellstad Lien fekk sitt første jobbtilbod allereie eit år før ho var ferdig med utdanninga. – Praksisen eg hadde undervegs i studiet var gull verdt, seier prosjektingeniøren.

Martine visste tidleg at ho ville velgje ei utdanning med gode jobbmoglegheiter. I dag arbeider ho som prosjektingeniør hos Framo Services. Her har ho ansvar for planlegging og gjennomføring av installasjonar og service av pumper til havbruksnæringa.

– Jobben er både spennande og variert. Eg arbeider tverrfagleg og samarbeider med mange ulike menneske. Her lærer eg korleis tekniske komponentar fungerer, eller finn ut kvifor dei ikkje gjer det, fortel ho.

Lien er ikkje åleine om å lukkast. Ho er ein av mange HVL-kandidatar som er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Kandidatundersøkinga 2025 viser at heile 67 prosent av dei som har studert ved HVL, fekk jobbtilbod før dei var ferdige med siste eksamen. Ytterlegare 21 prosent fekk jobb innan det var gått tre månader.

Tett kontakt med arbeidslivet undervegs

Praksis er ein grunnstein i dei fleste utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet, og det gir resultat. Undersøkinga viser at 46 prosent av kandidatane får jobbtilbod frå ei verksemd dei har hatt praksis hos eller samarbeidd med under studiet. Det skjedde også med Martine.

Sommaren før tredje studieår fekk ho praksis hos SLB (tidlegare Schlumberger) gjennom eit valfag for kjemiingeniørar.

– Det var kjempegøy å vere i praksis hos dei, og det gav meg både motivasjon, erfaring og nettverk, fortel ho.

Ho trekkjer også fram korleis HVL legg til rette for kontakt med arbeidslivet.

– Tilsette var flinke til å hente inn tidlegare studentar som fortalde om jobben sin. Det gav oss innsikt i kva vi kunne jobbe med og skapte verdifulle kontaktar, fortel Lien.


Studentar ved HVL førebur seg til arbeidslivet på mange ulike måtar. Her frå ei praktisk øving for anestesisjukepleiarane. Foto: HVL/Mauricio Pavez

Opplever utdanningane som svært relevante

Kvart år uteksaminerer Høgskulen på Vestlandet om lag 3500 kandidatar innan mellom anna helse og omsorg, skule og barnehage, økonomi, administrasjon, teknologi og ingeniør.

I undersøkinga har kandidatane også blitt spurt om relevansen av utdanninga for jobben dei har i dag. 52 prosent svarer at utdanninga deira er svært relevant. 35 prosent svarer at utdanninga er relevant for jobben dei har i dag, medan berre 2 prosent svarer at utdanninga er svært lite relevant.

Anne-Grethe Naustdal er prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er godt nøgd med resultata.

– Tala viser at våre kandidatar er særs ettertrakta, og at utdanningane våre svarer på behova i samfunnet. Det er ikkje minst særs gledeleg med heile 88 prosent i jobb tre månadar etter avslutta utdanning, seier ho.

Undersøkinga  viser også at HVL-kandidatane arbeider i heile breidda av norsk arbeidsliv. 35 prosent jobbar i kommunal sektor, 22 prosent jobbar i staten, 5 prosent jobbar i fylkeskommunen medan 34 prosent jobbar i det private.  


Prorektor for utdanning ved HVL, Anne-Grethe Naustdal. Foto: HVL/Ingvild F. Melien.

Vestlandet held på kandidatane

Høgskulen på Vestlandet har med sine fem campus i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord innverknad i eit stort geografisk område. Undersøkinga viser også at dei fleste studentane har røter i regionen. Over 72 prosent kjem frå Vestlandet. Dette fordeler seg mellom Vestland (52,1 prosent), Rogaland (16 prosent) og Møre og Romsdal (4,5 prosent).

Ekstra positivt er at mange blir verande i regionen etter studietida. Heile 75 prosent av HVL-kandidatane bur på Vestlandet når dei er ferdige med studiet.

– Vi utdannar kandidatar over store delar av Vestlandet. Det gir oss høve til å spele på lag med regionen og løyse dei store oppgåvene i samfunnet, seier Naustdal.

Martine Fjellstad Lien er eit godt døme. Ho kjem opphaveleg frå Trondheim, men valde å bli i Bergen etter studietida.

– Eg fann min plass ved HVL i Bergen. Her blei eg kjend med mange ulike menneske som er ein del av mitt sosiale nettverk i dag. I tillegg er det mange bedrifter som er relevante for meg, både innan offshore og oppdrettsnæringa, seier ho.

Kandidatundersøkinga 2025 og Høgskulen på Vestlandet

  • Kandidatundersøkinga 2025blei gjennomført av ideas2evidence i perioden 6. mars til 20. april 2025 på oppdrag frå Saman, Universitetet i Bergen (UiB), Norges Handelshøyskole (NHH) og Høgskulen på Vestlandet (HVL)
  • Her er lenke til rapporten
  • Undersøkinga rettar seg mot kandidatar som fullførte gradsgivande utdanning i 2023. Totalt 2 842 kandidatar svarte på undersøkinga.
  • Kandidatundersøkinga er bestilt av studentsamskipnaden Saman og utført av Ideas2Evidence.
  • Kvart år uteksaminerer Høgskulen på Vestlandet om lag 3500 kandidatar innan mellom anna helse og omsorg, skule og barnehage, økonomi, administrasjon og ingeniør.