
Beheld karakterkrav for sjukepleie og samlingsbasert lærarutdanning
Høgskulen på Vestlandet har fått avslag på dispensasjon frå karakterkravet på bachelor i sjukepleie og samlingsbasert grunnskulelærarutdanning frå studieåret 2024/25.
Etter eit møte med forskings- og høgare utdanningsminster Sandra Borch kom det fram at søknadene om dispensasjon ikkje blir innvilga no.
– Det er stort behov for sjukepleiarar og lærarar og vi mister mange potensielle studentar på grunn av karakterkravet. Eg meiner det hadde vore riktig å fjerne dette og er skuffa over at vi ikkje fått dispensasjon frå studiestart neste år, seier prorektor for utdanning ved HVL, Anne-Grethe Naustdal.
Vil vente til stortingsmelding våren 2024
I tillegg til Høgskulen på Vestlandet, har Universitetet i Sørøst-Norge (USN), Nord universitet og UiT Norges arktiske universitet søkt om dispensasjon frå karakterkrav i sjukepleie og lærarutdanningane.
Om få månader skal Borch legge fram ei stortingsmelding om opptakssystemet. Denne meldinga skal ein ta stilling til Opptaksutvalet si anbefaling om å fjerne alle nivåkrav i høgare utdanning, og Borch ønskjer difor ikkje ei prøveordning no.
– Vi tek med oss svaret som kom frå Kunnskapsdepartementet i dag og håpar vårens stortingsmelding vil vise veg til nye løysningar på den nasjonale utfordringa med lærar- og sjukepleiemangel, seier Naustdal.
Hastar å ta grep
Ho meiner stadig at det hastar å ta grep for å utdanne fleire. Det er mangel på sjukepleiarar og kommunar i heile landet rapporterer om store rekrutteringsproblem. Utfordringa er særleg stor i distrikta, men gjer seg og gjeldande i dei store byane.
– Å fjerne karakterkravet hadde ikkje løyst alle rekrutteringsutfordringane, men det hadde vore ein plass å byrje. Mangelen på kvalifiserte lærarar og helsepersonell vil berre auke i dei kommande år. Vi vil derfor fortsette med å finne nye løysningar på denne samfunnsutfordringa.