
Klatrar på internasjonal rangering
Ny internasjonal rangering viser at Høgskulen på Vestlandet har styrka seg på forskingsfronten.
— Vi skal ikkje henge oss for mykje opp i slike rangeringar. Dei er på ingen måte styrande for det arbeidet vi gjer, men det er likevel flott å sjå ein positiv trend spesielt innan forsking, seier prorektor Gro Anita Fonnes Flaten om tala som i dag kom fra World University Rankings.
Klatrar mest
Tala viser at alle dei nyare norske universiteta har klatra oppover dei siste to åra, men at Høgskulen på Vestlandet har klatra mest.
— Det interessante for oss er at forsking er det klart viktigaste vurderingskriteriet i denne rangeringa. Vi arbeider mykje med å utvikle omfanget og kvaliten på forskningsaktiviteten på Høgskulen på Vestlandet også for å nå målet om å bli universitet. Så sjølv om det å skåre på slike rangeringar ikkje er ein målseting i seg sjølve, er det hyggeleg å få ein slik påminning om at vi er på rett veg.
HVL har klatra mest på denne rangeringa samanlikna med dei nyare norske universiteta i perioden 2019-2022 (kolonnen til venstre visar plassering på rangeringa).
Heilt på nivå med dei nyare norske universiteta
Då OsloMet leverte sin søknad om å bli universitet inkluderte dei rangeringa, og slik tala er no ligg Høgskulen på Vestlandet eit stykke over OsloMet, men også Universitetet i Agder og Universitetet i Sørøst-Norge.
— Verdensrangeringer er omstridte, og det å samanlikne heile institusjonar har avgrensa verdi med tanke på å skulle vurdere kvaliteten på sentrale fagområde ved Høgskulen på Vestlandet opp mot tilsvarande fagområde ved norske og internasjonale universitet. Like fullt tyder denne institusjonsrangeringa, som er mest retta mot forsking, at HVL som institusjon er heilt på nivå med dei nyare norske universiteta, seier Fonnes Flaten.
Kan spele inn på rekruttering
— Vi ønsker å rekruttere fleire studentar og forskerar frå utlandet. I tillegg er det viktig å innleie fleire gode forskingssamarbeid med internasjonale aktørar. Då kan det å få ein god plassering i slike rangeringar spele positivt inn og være gjere oss meir synlege, seier Fonnes Flaten.