Komande ingeniørar med studiepoeng i dykking

Denne hausten har ingeniørstudentar ved HVL for første gong fått moglegheita til å ta valfag i dykking som ein del av utdanninga si.

- Det er litt skummelt, men veldig kjekt å få denne moglegheita, seier Silje Ydstie Røe, som er ein av studentane som har brukt mykje tid under vassoverflata dette semesteret.

Valfaget «Dykkeoperasjonar for ingeniørar» er eit pilotprosjekt, der studentar ved Institutt for maskin- og marinfag skal kvalifisere seg for dykkarbevis klasse A, under rettleiing av dykkeinstruktørar frå Dykkarutdanninga ved HVL. Vidare skal studentane knytte dykkinga opp til ingeniørfaglige problemstillingar dei har hatt gjennom studiet.

- Dersom vi som framtidige ingeniørar skal utføre ein jobb der det er dykkarar involvert, trur eg det er veldig nyttig å sjølv ha kjent på kroppen korleis det fungerer. Når ein veit om alle reglane og moglege konsekvensar knytt til dykking, er det lettare å legge til rette for at dykkarane kan gjere jobben sin best mogleg, seier Røe.

Ein unik fordel

Dykkarutdanninga ved HVL held til i Skålevik og er åleine i Noreg om å tilby fagskuleutdanning med formelle eksamenar for dykkarar. Finn Hansen er avdelingsleiar for Dykkarutdanninga, og er strålande nøgd med samarbeidsprosjektet.

- Mange ingeniørar som arbeider i Nordsjøen har dårlege kunnskapar om dykking. Dei blir sende på kurs, der dei får heilt grunnleggjande kunnskap om feltet. Her hos oss får studentane dykkebevis, og får sjølv kjenne på kroppen kva dykking går ut på, seier Hansen.

Han fortel at det berre er eit par andre universitet i Europa som har dykking som studietilbod, og at HVL-studentane såleis vil ha ein unik fordel når dei skal søke jobb etter studia.

Studiekoordinator og dykkarstudent

Tone Røkenes er studiekoordinator ved Institutt for maskin- og marinfag, og ei av eldsjelene bak samarbeidsprosjektet. Denne hausten er ho i tillegg sjølv dykkarstudent.

- Gjennom å sjølv ta kurset, har eg fått eit innblikk i korleis dette samarbeidet mellom praksis- og teorifeltet har fungert i praksis. Eg ser at ingeniørfaga blir sentrale gjennom dykkarutdanninga, og at heile spekteret av fag, som til dømes materiallære, instrumentering, matte og termodynamikk, kjem til nytte. Ein ser ingeniørfaglege problemstillingar på ein heilt ny måte, seier ho.

På spørsmålet om kva ho synes om å sjølv vere student igjen, seier ho at det har gått veldig bra.

- Eg var jo litt skeptisk i byrjinga til korleis det skulle bli å vere den studenten som var ein god del eldre enn dei andre, men det trur eg dei andre blei fort vane med. Og eg har lært mye av studentane undervegs, spesielt når det gjeld teorien, der eg ikkje hadde høve til å delta i all undervisninga, seier ho.

Skippertak fungerer ikkje

Harald Elvatun har mange års erfaring som yrkesdykkar og instruktør ved Dykkarutdanninga, og synest det har vore ei artig utfordring å undervise ingeniørstudentane.

- Dette er tredjeårsstudentar i Undervassteknologi og dei har difor gode fysikkunnskapar og bra forståing for pensumet. Samstundes ser vi at studentmentaliteten til tider kan vere ei utfordring. Ein kan ikkje lese seg til å bli ein god dykkar. Skippertak fungerer ikkje her, smiler han.