
Kompetanseforum Vestland møttest på HVL
Onsdag 23. mars hadde Kompetanseforum Vestland sitt første fysiske møte sidan mars 2020, og HVL var vertskap denne gongen.
I Kompetanseforum Vestland sit leiarane av dei største utdanningsinstitusjonane i Vestland, Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, Fagskulen i Vestland, Opplæringsdirektøren i Vestland fylkeskommune, partane i arbeidslivet representert ved NHO, LO og KS, NAV og Helse Vest.
Mål om å fylle kompetansegap i arbeidslivet
Kompetanseforum Vestland har eit føremål om å leggje til rette for at kompetanse skal drive fram utvikling i utdanning, forsking og i arbeidslivet.
Ein vil avdekke kva kompetansegap som finns i arbeidslivet og finne løysingar på korleis desse skal fyllast.
På møtet denne veka, blei mellom anna HVL si satsing på hydrogen presentert for gruppa av dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, Jens Kristian Fosse.
Satsinga vil byggja oss sterkare
– Regional satsing på utdanning, innovasjon og næringsutvikling, vil tena mykje på å byggja dei høgare utdanningsinstitusjonane i Vestland sterkare, seier rektor Gunnar Yttri etter møtet.
– Kompetanseforum Vestland har i den tida det har eksistert gitt sentrale aktørar i fylket høve til å driva utviklingsarbeid saman. I tida som kjem treng HVL å styrka denne dialogen, og særskilt med fylkeskommunen som rår over vidaregåande skule og fagskulane, seier han.
– Sentrale politiske signal tyder på at vi i tida som kjem vil få ei satsing på rask etablering av fleire studiesenter ulike stader i landet. I og med våre fem campus, sterke fagmiljø og relevante utdanningar har HVL dei aller beste føresetnader for å tilby desentralisert utdanning. Vi har rigga organisasjonen vår for å gjere dette og å samspele med regionale aktørar. Difor er det bra med ein gjensidig god dialog i Kompetanseforum Vestland. Vi treng ei regional satsing som er ambisiøs og også byggjer opp under institusjonar som UiB, NHH og HVL, seier rektor.
Yttri fortel at HVL med sitt sterke campus Haugesund no også går inn i eit tilsvarande samarbeid med Kompetanseforum Rogaland.
Les meir om Kompetanseforum Vestland her