HVL satsar på hydrogen

Høgskulen på Vestlandet bidrar sterkt inn i det nye hydrogensenteret på Vestlandet. Gjennom forsking og utdanning vil fagmiljøet bidra til ei raskare avkarbonisering av samfunnet.

For kort tid sidan kom nyheita om at Forskningsrådet tildeler 120 millionar kroner til eit nytt hydrogensenter i Bergen. Forskingssenteret for miljøvennleg energi skal utvikle kunnskap, metodikk og løysingar for hydrogenenergi. Dette er teknologi som vil spele ei viktig rolle for å nå måla om utsleppsreduksjon og klimanøytralitet.

– Vestlandet har mykje å bidra med

Forskningsrådet tildelte midlar til oppretting av to forskingssenter – eitt i Bergen og eitt i Trondheim. HVL er ein av fleire partnarar i senteret i Bergen, under leiing av NORCE. Nestleiaren for senteret vil bli Rannveig Litlabø frå HVL. 

– Dette er ei fjør i hatten for Vestlandet og det viser at vi har mykje å bidra med. Tildelinga er viktig for HVL og styrkar vår satsing på hydrogen. Når Forskingsrådet valde å innvilge to senter, fører det dessutan til at vi får inkludert breidda av kompetanse innan hydrogen på ein mykje betre måte i heile Norge.

Det seier førsteamanuensis Velaug Myrseth Oltedal som spelar ei sentral rolle i hydrogenarbeidet ved HVL. 

Oltedal fortel at HVL er involvert i 4 av 6 forskingsområde i satsinga. Professor Lars Coenen ved Mohnsenteret ved HVL skal leie eitt av desse, som handlar om samspelet mellom samfunn og teknologi, sosiotekniske system og sosial aksept for å rulle ut hydrogenteknologi. Professor Dhayalan Velauthapillai vil forske på nye metodar for å produsere hydrogen frå sollys. Vidare vil fagmiljøet ved høgskulen vere involvert i forsking på bruk av hydrogen i industrielle prosessar, skipsfart, havvind og offshore produksjon av hydrogen.

– For å teste ny teknologi vil vi mellom anna dra nytte av dei gode laboratoria vi har campus. Vi er også i gang med å planlegge eit hydrogenlaboratorium på HVL som kan brukast til både undervisning, forskning, og samarbeid med industri og næringsliv, seier førsteamanuensis Jonathan Økland Torstensen. 

Saman med Oltedal har han styrt søknadsinitiativet til senteret frå HVL si side. 

HVL utdannar  for framtida

HVL satsar ikkje berre på forsking på hydrogen, men også utdanning.

– Etter det eg kjenner til, var vi dei første i Norge som etablerte eit fag i hydrogenteknologi på høgare utdanningsnivå, seier Oltedal.  

Seinare har hydrogenfaget blomstra. HVL tilbyr no etter- og vidareutdanningskurs i hydrogenteknologi for næringsliv og offentleg sektor. Desse kursa har vore svært populære. 

–  Første året har vi hatt nær 200 studentar på kurs. Det er tydeleg at det er eit behov i marknaden for kompetanseheving på hydrogen, kommenterer Torstensen som har undervist i fleire av kursa. 

Hydrogen er også eit populært tema for bachelor- og masteroppgåver blant ingeniørstudentane ved høgskulen. I tillegg er ein ny master (sivilingeniørutdaning) i berekraftig energiteknologi på trappene.

Fakta om hydrogensenteret HyValue

Initiativtakere og nasjonale forskningspartnere er Energiomstilling Vest (EOV), som består av Universitetet i Bergen (UiB), Norges handelshøyskole (NHH), Samfunns- og næringslivsforskning (SNF), Høgskulen på Vestlandet (HVL) og NORCE, sammen med Universitetet i Stavanger (UiS), Fridtjof Nansens Institutt (FNI) og Transportøkonomisk institutt (TØI).

Internasjonale forskningspartnere er Forschungszentrum Jülich (FZJ), Imperial College London (ICL), Massachusetts Institute of Technology (MIT), Monash University (Monash U), Netherlands Organisation for Applied Scientific Research (TNO), Potsdam Institute for Climate Impact Research (PIK).

I tillegg kommer partnere fra næringsliv og forvaltning.