Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse og i tillegg 2 års arbeidserfaring.
Arbeidserfaring må dokumenteres med arbeidsattest.
HYD802 har krav om fullført HYD801.
Slik søker du:
- Logg inn i SøknadsWeb.
- Oppdater «Min profil» og trykk «Neste».
- Velg «Ingeniør, maritim og klima».
- Trykk på «Søk» under «Vidareutdanning - teknologiske og administrative fag høst 2026».
- Du søker opptak til ett og ett emne. Velg emnet eller emna du vil søke på frå lista (se søknadskode under).
- Trykk på «Legg til» og «Send inn søknad».
- Last opp dokumentasjon på at du dekkjer opptakskravet.
- Trykk «Neste» for å gjøre ferdig søknaden.
Søknadskode:
- HYD800 Innføring i hydrogenteknologi: 5517
- HYD801 Hydrogenteknologi I: 5518
- HYD802 Hydrogenteknologi II: 5519
Du kan velge om du vil gå opp til eksamen og få studiepoeng for kurset, eller få tilsendt kursbevis om du ikkje tar eksamen. Om du ønsker kursbevis må du har fått godkjent obligatorisk læringsaktivitet.
Om å søke opptak til HVL
Kvifor ta kurs i hydrogenteknologi?
Vi følger opp regjeringa sitt mål om å bli eit berekraftig og hydrogenbasert samfunn. Ei av dei mest aktuelle løysingane er å bruke hydrogen som energiberar for fornybare energikjelder. Denne kurspakka skal gi deltakarane ei innføring i produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen som energiberar.
Kurspakke
Kurset passar for deg som ønsker generell kunnskap om hydrogenteknologi, for eksempel om du er leiar, politikar, økonom, eller tilsett i administrativ stilling. Du treng ikkje å ha teknisk eller realfagleg bakgrunn.
I kurset blir det gjort reie for produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen, til dømes prosessane i dampreformering og PEM elektrolyse/brenselcelle. I tillegg blir det satt fokus på sikkerheit og korleis sosial aksept påverkar utviklinga av teknologien. Emne vil dekke bruk av hydrogen både i landbasert, maritim og industriell sektor.
Målet med kurset er å gje deg som deltakar eit helheitleg bilete av kvar teknologien er i dag og kva som er vegen vidare.
Les meir i emneplan for Innføring i hydrogenteknologi
Praktisk informasjon
- Studiepoeng: 5
- Kursavgift: kr. 5 500,-*
Semesteravgift kjem i tillegg til kursavgifta.
*Emnet er delvis finansiert av offentlege midlar, og studieavgifta er ein eigenandel.
Digitale samlingar
Kurset blir undervist digitalt kl. 15.15-18.00 følgande datoar i 2026:
- torsdag 3. september
- torsdag 10. september
- torsdag 17. september
- torsdag 24. september
- torsdag 1. oktober
- torsdag 8. oktober
- torsdag 15. oktober
- torsdag 22. oktober
- torsdag 29. oktober
- torsdag 5. november
- torsdag 12. november
- torsdag 19. november
- torsdag 26. november
I tillegg planlegg vi å invitere til ei nettverkssamling, der du vil kunne møte studentar frå dei andre hydrogen-emna HYD801 og HYD802. Dato og om det vert kjem.
Munnleg eksamen vil bli gjennomført i løpet av desember.
Vi tek atterhald om tilstrekkeleg tal studentar for gjennomføring av kurset.
Dette emnet passar for deg som har teknisk eller realfagleg bakgrunn, og jobbar i ei verksemd som er involvert i hydrogenteknologi.
På kurset lærer du om hydrogen sine eigenskapar, og korleis hydrogen kan både produserast, lagrast og brukast. Emnet gir ein enkel innføring i hydrogensikkerheit og regelverk knytt til bruk av hydrogen. Emnet vil dekke bruk av hydrogen både i landbasert, maritim og industriell sektor.
Manglar du teknisk eller realfagleg bakgrunn oppfordrar vi deg sterkt til å søke «Innføring i hydrogenteknologi» (HYD800).
Les meir i emneplan for HYD801
Praktisk informasjon
- 5 studiepoeng
- Kursavgift: Kr. 5 500,-*
Semesteravgift kjem i tillegg til kursavgifta.
*Emnet er delvis finansiert av offentlege midlar, og studieavgifta er ein eigenandel.
Samlingar
- onsdag 2. september
- onsdag 9. september
- onsdag 16. september
- onsdag 23. september
- onsdag 7. oktober
- onsdag 14. oktober
- onsdag 21. oktober
- onsdag 28. oktober
- onsdag 4. november
- onsdag 11. november
- onsdag 30. september kl. 15.15-18.00 (felles samling for HYD801 og HYD802)
- fredag 16. oktober kl. 10.00-17.00 - obligatoriske laboratoriekurs
I tillegg planlegg vi å invitere til ei nettverkssamling i høst, der du vil kunne møte studentar frå dei andre hydrogen-emne HYD800 og HYD802.
Vi tek atterhald om tilstrekkeleg tal studentar for gjennomføring av kurset.
Målgruppe
Dei ulike emna har ulike profilar, sjå informasjon for kven dei ulike emna passar for under dei spesifikke emneskildringane.


