
Her er forslaga som skal konsekvensvurderast
På bakgrunn av vedtak i styremøte 11. juni, er det utarbeidd tre forslag til omfordeling av studieplassar som fakulteta no skal vurdere konsekvensane av. I tillegg til dei tre alternativa ønskjer styret ei vurdering av eit såkalla nullalternativ.
Dei tre forslaga til konsekvensvurdering har ei omfordeling av
- 180 studieplassar, om lag 10 millionar kroner
- 360 studieplassar, om lag 20 millionar kroner
- 540 studieplassar, om lag 30 millionar kroner
Utanom forslaga til omfordeling, er det også eit ynskje frå styret om å få vurderingar av eit nullalternativ. Det betyr at alle tre fakulteta også blir bedt om å vurdera konsekvensane av å ikkje gjera noko med dimensjoneringa mellom fakulteta.
I si tilbakemelding skal fakulteta vurdere konsekvensar for, eige fakultet, HVL samla sett, campusane og den regionale rolla.
I tillegg skal prorektorane, direktørane, hovudtillitsvalte, hovudverneombod og Studenttinget på Vestlandet også gi sine tilbakemeldingar.
Målet er å få eit breiare kunnskapsgrunnlag før det blir teke endelege avgjerder om korleis studieplassar og basismidlar skal fordelast framover.
Frist for å gi tilbakemelding på konsekvensutgreiinga er 25. august.
Lenke til justert notat etter styremøte (PDF)
Tidslinje
11. juni: HVL-styret fekk ei orientering om saka i styremøte
25. august: Frist for å gi tilbakemelding på konsekvensutgreiinga
10. september: Styremøte i HVL der saka skal drøftas
22. oktober: Endeleg vedtak skal etter planen gjerast i dette styremøte.
19. november: Vedtaket i oktober blir tatt inn i budsjett for 2027 saman med opptaksrammer og studieportefølje for 2027—2028.