
Korleis skape ei betre verd når du ikkje har tru på at du kan utgjere ein forskjell?
Forskarar og studentar frå Climate Change Management ved HVL er med på eit uvanleg eksperiment som kombinerer klimaforsking og opera.
– Når det ser ut som om alt går til helvete er det vanskeleg halde fast på trua om at framtida kan bli betre. Då er det likevel viktig å kjempe imot! Me må gjere det me kan for å vere ei motkraft mot den uroa som gjer oss passive. Me må prøve å dyrke fram ei positiv framtidstru, seier Tarald Seldal.
Håpar på gode resultat frå uvanleg kombinasjon
Instituttleiaren ved Institutt for bygg-, miljø- og naturvitskap er ein av initiativtakarane bak eit uvanleg eksperimentet som no blir å sjå på ulike scener på Vestlandet. Her vil studentar og forskarar knytt til studieprogrammet Climate Change Management ta del i framsyninga.
Miljøoperaen Blå er basert på Vann, av Maja Lunde. Operaen handlar om klimakrise, men også korleis det er for vanlege menneske å forhalda seg til, og kanskje også finne vegen ut av den krisa vi no står i.
Etter operaen er det satt av tid til diskusjon og samtale der publikum frå vidaregåande skular får møte og snakke med forskarar og studentar frå HVL. Målet er å saman diskutere krisa og moglege løysingar.
Kan harde fakta vekke håp?
For forskarane og studentane frå Climate Change Management betyr dette samarbeidsprosjektet at ein må tenke kritisk over rollene dei har. Det handlar ikkje berre om å sikre god kunnskap og hamre ut harde fakta, men om korleis ein kan vekke engasjement og håp for framtida.

For Constantin von Beck, som no er ph.d.-student ved HVL, er det å vere med på eit slikt prosjekt på mange måtar ein heilt naturleg vidareføring av noko han også var oppteken av då han var masterstudent på Climate Change Management.
– Det handlar ikkje berre om å forstå klimaendringane og kva konsekvensar dei får. Eit spørsmål var alltid like viktig: Kva kan vi gjere? Det å sjå på løysingar og inspirere oss til å gjere noko er også viktig her.
Beck forskar på mobilitet; korleis ein kan bygge gode samfunn der me alle kan bevege oss fritt, men som tek omsyn til naturen og klimaet vårt. Det er kompliserte spørsmål, men noko av det han er mest oppteken av er at en snakkar saman og finn løysingar saman.
– Ein må vere open for noko nytt, for tankar ein ikkje har hatt sjølve og då kan ein ofte finne fram til gode løysingar, meiner Beck.

Det handlar ikkje berre om det vi mistar, men også det vi får
Kristine Flacké Haualand er ærleg om at innimellom kjenne seg motlaus, men meiner at ein må kjempe imot og at det å gi opp ikkje er eit godt alternativ. Haualand er meteorolog med bakgrunn i geofysikk, matematikk og fysikk. Når ho nå er med på JOSTICE-prosjektet, kjem ho tett på endringane eit varmare klima fører med seg.
– Jorda har feber. Ekstremvêr fører til flaum og brannar andre stader i verden, men også her, der me bur, kan vi sjå det: Isbreane våre krympar.
Problema verker så store, men Haualand har trua på at små avgjersle kan få store ringverknadar.
– Det at du vel noko anna. Det at du vel å ikkje fly, ikkje kjøpe nytt, bruke mindre energi – det kan påverke andre til å gjere det same.
Ho er heller ikkje redd for litt god gammaldags shaming.
– Eg tenker at det kanskje skal vere litt flaut å vere storforbrukar som reiser massevis med fly, ler ho.
Både ho og Back meiner ein i framtida bør forberede seg på å ha ein livsstil som har mindre komfort, men at det ikkje nødvendigvis betyr at ein ikkje får gode – om ikkje betre liv.
– Mange tenker vel at ein mister noko når ein snakkar om å gjennomføre tiltak for å redde klima, men det er ikkje sikkert at det stemmer. Kanskje kan ein saman finne løysingar som gjer det betre for fleire?
Miljøoperaen Blå er eit samarbeidsprosjekt. Andre deltakarar frå HVL Negar Safara Nosar, Jogscha Miriam Abderhalden, Kamilla Hauknes Sjursen, August Wierling frå Tyskland og Valeria Schwanitz.
Les meir om Miljøoperaen Blå her.