Krigshandlingane i Ukraina

– Vi er djupt uroa for situasjonen i Ukraina og for alle som er råka, seier rektor Gunnar Yttri.

Han understrekar at HVL ikkje har studentar eller tilsette på oppdrag i Ukraina.

– Men vi ser med stor uro på krigens følgjer for menneske og samfunn. Våre tankar går særleg til studentar og tilsette ved høgskular og universitet i dei krigsråka områda, seier Yttri.  

HVL har samarbeid med institusjonar i Ukraina og Russland.

– Vi vurderer korleis dette samarbeidet skal ivaretakast og følgjast opp. Her har vi god støtte i signal frå Kunnskapsdepartementet, fortel Yttri.  

Rektor opplyser at HVL ikkje har studentar på inn- eller utveksling dette semesteret ved samarbeidsinstitusjonar i Ukraina eller Russland.

– Men mange tilsette og studentar kjenner uansett på ekstra uro og kan hende også sorg.

– For universitet og høgskular er fri meiningsbryting og dialog over landegrenser sjølve grunnlaget for vår verksemd.  Krigshandlingar bryt med alt vi står for, seier Yttri.

Rektor seier at høgskulen i tida som kjem vil ha ei særleg merksemd retta mot både tilsette og studentar.

Treng du nokon å snakka med?

Sjå også