
Kunnskapsprat med statsråden
Realfag, fleksible studium og kunnskapsbehov var nokre av tema prorektor for nyskaping og regional utvikling, Øyvind Midtbø Berge, fekk diskutert med statsråd Sigrun Aasland under kunnskapspraten på campus Bergen onsdag 3. juni.
Med jamne mellomrom inviterer Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) til kunnskapspratar. Ulike tema vert løfta fram. Denne gongen var utgangspunktet Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2026 og utviklinga der.
Prorektor Øyvind Midtbø Berge i HVL deltok i ein av to panelsamtalar: Kampen om kompetansen
- Eg tykte det blei ein grei samtale. Panelet og dei som er med der definerer nok litt av det som kjem opp. Men kjekt for oss at konsernsjef i Eviny, Ragnhild Janbu Fresvik, ga oss god tilbakemelding på det arbeidet me gjer ved å vera tett på arbeidslivet og utdanna gode kandidatar.
Han seier at samtalen etter kvart krinsa mykje inn mot realfaga og kunnskapar innan matematikk.
- Satsinga på realfag må prega heile skuleløpet. Der er statsråden tydeleg og det er bra. Det er venta ei melding om realfagsløft som blir viktig. Den me må spela inn på frå alle område i høgskulen.
Ragnhild Janbu Fresvik (konsernsjef i Eviny), Øyvind Midtbø Berge (prorektor for nyskaping og regional utvikling ved HVL), Sigrun Aasland (forskings- og høgare utdanningsminister) og Bendik Meling Samuelsen (prorektor for utdanning ved BI) utgjorde panelet i den første samtalen.
Eit punkt som Berge peika på i praten er at mange som søkjer utdanningar som krev realfag frå vidaregåande skule, ikkje har det på plass. Det gjer at høgskulen må tilby ulike tilbod for å kvalifisere søkarane.
- Realfagskursa våre er eit viktig tilbod som mange nyttar seg av. På hi sida gir dette oss utgifter me ikkje får kompensert, men må ta på eiga ramme. Ei betre finansiering av desse realfagskursa er ei viktig sak, og eg er glad for at statsråden noterte seg det.
Om ikkje dimensjonering fekk mykje plass i samtalen på scena var det desto meir merksemd på KI og korleis ein må arbeide saman for å møta den teknologiske utviklinga som og vil prega innhald og form på utdanningane i tida som står føre.
Fleire peikte på ei utvikling der studietilbod som vert tilbydd på bachelornivå, master og innan vidareutdanningar oftare og oftare har karakter av å vera fleksible.
- Dette er utviklingstrekk som heile sektoren ser og prøver å bu seg på og handtera godt. Der me tidlegare hadde meir tydelege grenser mellom dei enkelte studietilbod og undervisingsformar, ja, så er dette no meir flytande. Det opplevde eg at statsråden var oppteken av, seier Berge og legg til:
- På HVL arbeider vi aktivt med å ha ein god balanse mellom å vera offensive inn mot det fleksible, samstundes som vi skal ivareta og utvikla levande campus med gode studie- og læringsmiljø.
Eit anna tema som kom opp var det som statstråden har kalla kompetansebudsjett. Det synast å vera eit grep inn i dimensjoneringsarbeidet. I samtalen var fleire innom at det kan sjåast på som eit verktøy for prioritering og styring. Andre løfta og at det kunne ha ei hensikt kring arbeidsdeling.
- Det blir spennande å sjå kva som ligg i dette når statsbudsjettet kjem til hausten. Verktøy som kan brukast i dimensjonering kan vera positivt. Men vi veit at dimensjonering er krevjande og samansett med mange moment som skal vegast og balanserast mot kvarandre på kort og lang sikt.
Mange hadde møtt opp i Kronstadtorget på HVL campus Bergen på ettermiddagen onsdag 3. mai. Kunnskapspraten vart også strøyma og sendinga ligg open på nettsida.