Kva finst under Jostedalsbreen?

Han har lege der i kring 5000 år og er den største breen i fastlands-Europa, men kva landskap som finst under han, er det ingen som veit. No skal forskarane bak prosjektet JOSTICE finne ut.

I perioden mellom 9. april og 28. april kjem dei til å køyre sakte i sikksakk over breen på snøskuter for å dekke heile den øvste delen av isen. På slep etter skuterane vil dei ha to sledar med to forskjellige antenner festa på. Den eine kjem til å sende signal ned gjennom isen og den andre vil ta imot signala når dei kjem opp igjen etter å ha treft botnen. Slik er det råd å måle kor tjukk breen er forskjellige plassar. Isen er nemleg så godt som gjennomsiktig for radiosignal.

- Det er så mykje vi ikkje veit om Jostedalsbreen, så vi kan få mange overraskingar, seier prosjektleiar og geolog Jacob Yde.

Store endringar dei neste hundre åra

Ein ting som er heilt sikkert, er at breen kjem til å smelte mykje dei neste hundre åra på grunn av klimaendringar og varmare temperaturar. Men nett kor mykje, kor fort, og kva som kjem til å bli konsekvensane av dette for samfunnet rundt, er uråd å vite så lenge ein ikkje veit noko om topografien - korleis landskapet ser ut under breen.

- Kanskje vil det danne seg ein stor innsjø der breen ein gong låg. Kanskje elvene som renn frå breen, vil skifte retning. Moglegheitene er mange, seier Yde.

Forandringane kan få økonomiske konsekvensar. Jostedalsbreen forsyner to demningar – Styggevatnet og Tunsbergdalsvatnet, begge inst i Jostedalen – og desse kraftverka risikerer å miste mykje av vasstilførselen. Dessutan er Jostedalsbreen ein stor attraksjon for turistindustrien i området, som også kan få merke konsekvensar dersom brearmar forsvinn og breen blir mindre tilgjengeleg.

Landbruket vil bli råka. Klima og jordsmonn i området er påverka av den store, kalde flata til breen, vindane som kjem ned brearmane, dei mineralrike sedimenta, smeltevatnet som renn ned om somrane, slikt som har gjort dalane kring breen grøne og elvene fulle av vatn. På grunn av kulda frå isen fell det mykje snø i Sogndalsdalen og Jostedalen, men vêrforholda der kan endre seg mykje når isflata krympar. Nedbørsmengdene i kommunane rundt kan bli endra, og temperaturen auke ytterlegare i området.

Smeltinga kan plutseleg skje fort

Mest truleg vil smeltinga føre til at breen blir splitta opp i mange mindre brear. Takten på dette kjem mykje an på kor tjukk breen er forskjellige plassar. Dersom han viser seg å vere så lite som tretti meter djup enkelte plassar, vil det vere kritisk – då går det ikkje mange åra før breen er splitta opp i bitar.

- Om dette er tilfellet, kan vi brått få eit stort område av is som smeltar veldig fort, seier Yde.

- Det viktigaste no, er å finne ut kor djup breen er, så vi kan utvikle sannsynlege framtidsmodellar for smeltinga. Først då kan vi førebu oss på det som skal skje.

Blant dei som har jobba med å førebu feltarbeidet på Jostedalsbreen, er Mette Kusk Gillespie og Sigurd Daniel Nerhus. Dei har tredd radioantenner gjennom hageslangar for å beskytte dei på ferda, og førebudd alt ustyret som skal til elles. I starten av feltarbeidet må dei fly snøskuterar og folk opp med helikopter. Dei blir 16 personar i alt som skal jobbe oppe på breen i løpet av april – nokre frå HVL, nokre frå Universitetet i Bergen og nokre frå NVE, begge samarbeidspartar i prosjektet.

Lokalfolk kan bidra til forskinga

Også forskarar frå Vestlandsforsking er med i JOSTICE – dei skal dykke ned i moglege konsekvensar av bresmeltinga for folka som bur rundt breen, etter forskarane frå HVL, UiB, UiO og NVE har gjort presise målingar og konstruert modeller for smelting, isrørsle og avrenning. I forkant av feltarbeidet, har forskarane vore på folkemøte i bygdene kring Jostedalsbreen, slik som Jostedalen, Fjærland og Veitastrond. Dei har søkt løyve til å ferdast på breen frå Nasjonalparkstyret og kommunane som breen dekker.

- Engasjementet for breen og korleis den smeltar, er veldig stort i samfunna rundt. Lokalfolk er bekymra for dette. Samstundes ser dei ikkje berre svart på det, og mange er glade for at vi no skal undersøke desse problemstillingane skikkeleg, seier Gillespie.

Forskarane er opptekne av å få tak i observasjonar som lokalfolk gjer, både av vêrforhold og andre forhold kring breen over tid. Særleg om lokalkjente har informasjon som går litt tilbake i tid:

- Bondelaget har vore til stor hjelp med historiske data. Og vi vil oppmuntre alle som bur rundt breen og gjer observasjonar dei trur kan vere nyttige, om å ta kontakt med oss i prosjektet, seier Nerhus.

Ein del av identiteten

Målingane skal skje i to rundar – no i april vil forskarane sjå på den øvste flata av isbreen, og neste år vil dei undersøke brearmane. Feltarbeidet har vore utsett eit år på grunn av korona, og det blir også spreidd ut i tid sidan dei berre kan jobbe i små grupper av gongen, og må halde seg til folk frå eigen institusjon av smitteomsyn.

Prosjektleiar Yde har først og fremst erfaring med forsking på brear på Grønland og Svalbard. Der ligg dei store ismassane langt frå menneske. Difor synst han det blir ekstra spennande å forske på Jostedalsbreen, som ligg midt iblant levande lokalsamfunn og påverkar menneska der på både direkte og indirekte måtar.

- Då vi snakka med bygdefolk i Veitastrond, merka vi kor sentral breen var i liva deira. Han er nesten ein del av identiteten til folk i bygder som dette. Uansett om dei lever av han eller ikkje, bryr kvar og ein seg om han, seier Yde.

- Breen er ikkje berre fysisk til stades, men også mentalt, på måtar som betyr mykje men er vanskelege å skildre.

Vil du vite meir om prosjektet, sjå her.

Jacob Yde-nett.jpeg

Prosjektleiar Jacob Yde under feltarbeid. Foto: privat