Lærer ved hjelp av dataspel

Ei ny vidareutdanning for renovasjon- og gjenvinningsbransjen brukar dataspel som læringsmetode.

-Dette er ein anna måte å ta høgare utdanning på, og kan vere eit motiverande skritt til ei nødvendig kompetanseheving, seier førstelektor Tarjei Alvær Heggernes.    

HVL har saman med Universitetet i Bergen, BIR, Avfall Norge, RfD og Turbo Tape Games utvikla ei vidareutdanning for avfall- og gjenvinningsbransjen.  Bransjen har ynskt seg eit digitalt løft og vil blant anna ha meir kunnskap om digital forretningsforståelse og sirkulærøkonomi.    

Studiet er heildigitalt og føregår både synkront og asynkront. Det blir tatt i bruk ulike læringsmetodar som brettspel, podcast og quiz. Til tre av emna er det blitt utvikla dataspel og samarbeid med spelutviklarar har vore ein del av opplegget.

Skjermdump frå eit av dataspela.

-Det var ønskjeleg med eit digitalt kompetanseløft i bransjen og ideen om å bruke dataspel var noko dei syns virka veldig spennande, seier han.

Det har vore eit tett samarbeid med bransjen i utvikling av kursa og fagtilsette har også hatt god dialog med spelutviklarane for å sikre den rette dynamikken og uttrykket. Sist veke vart den no gjennomførte pilotstudien feira med ei samling for alle samarbeidspartnarar og fagtilsette på kurset.

- Tilbakemeldingane frå studentane har blant anna vore at dei likar bruken av ulike læringsmetodar og at dei syns bruk av dataspel var ein spennande måte å lære på, seier Hilde Albertine Gjertsen, prosjektkoordinator for etter- og vidareutdanning (EVO) ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap.

-I pilotane fekk forelesarane testa ulike undervisningsformer og dei tek med seg erfaringane og tilbakemeldingane dei fekk vidare i kurset.  

I 2019 fekk HVL og UiB SLATE 5,7 millionar kroner frå Kompetanse Norge for å utvikle og køyre pilot på sju emne. HVL har utvikla fire kurs og UiB Slate tre.

Kursa som skal gå til hausten er no tilgjengelege for påmelding mot en kurspris. Søknadsfristen 14. august.