
Les rapporten frå campusutviklingsprosjektet i Førde
Tilsette og studentar både i Førde og ved andre campus har jobba med korleis campus Førde kan utviklast til ein endå betre og meir framtidsretta campus. No er rapporten og tiltaksplanen klar.
Rapport og tiltaksplan for campusutvikling ved campus Førde vart nyleg lagt fram for strategisk leiargruppe i HVL.
Her kan du lese rapporten for campusutviklingsprosjektet på campus Førde.
-Målet er sette inn tiltak som kan auke campus Førde sin attraktivitet som studiestad, og som samarbeids- og utviklingspartnar i regionen, seier Paul J. Manger, prosjektleiar for prosjekt campusutvikling.
Høgskulen på Vestlandet skal gjennomføre campusutviklingsprosjekt ved alle fem campusar. Campus Stord la fram sin rapport tidlegare i vår.
Arbeidslivsretta profil
HVL har sterke og innovative fagmiljø innan mange fagområde ved campusane sine. Ved campus Førde er det ingeniørfag og helsefag som er dei etablerte fagmiljøa.
Arbeidsgruppa for prosjekt campusutvikling ved campus Førde har i sitt arbeid sett på situasjonen for campus Førde i dag, og moglegheitene for campus Førde i ei framtid der HVL er eit universitet med ein tydelege profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Arbeidsgruppa sine forslag til tiltak har hatt fire hovudtema:
1. Fagmiljø- og utdanningstilbod som legg til rette for forsking og utdanning som gir relevans for tilsette, studentar og arbeids-, samfunns-, og næringsliv.
2. Eit attraktivt og godt campus som er til det beste for tilsette og studentar, med eit godt studie- og læringsmiljø, og eit samlande arbeidsmiljø på tvers av faglege og administrative liner, som også inviterer inn ulike samarbeidsaktørar til samhandling på mange område.
3. Samhandling mellom administrative støttetenester, som sikrar betre koordinering av tenester på campus på tvers av administrative einingar.
4. Forslag til tiltak som sikrar ei utvikling i samhandling med samfunns- og næringsliv.
Fire hovudpunkt til vidare utvikling
Arbeidsgruppa har konkludert med fire hovudpunkt som skal jobbast vidare med:
- Feltet helseteknologi er eit svært breitt felt med mange spesialiseringar som må byggast ut vidare i samarbeid mellom FIN og FHS. Her er det store moglegheiter for å bli eit sterkt forskings- og utdanningsmiljø ved HVL, og samstundes bli ein innovativ tenesteutviklar på e-helse i rurale strøk. Robotikksatsinga er ein del av dette biletet.
- Det tette og nære samarbeidet med eksterne samarbeidsaktørar, arbeids- og næringsliv, helseføretak, kommunar og fylkeskommune, må halde fram med stor styrke og ressursbruk. Nytt område for utvida satsing vil vere internasjonalisering, der eit samarbeid med det statlege forvaltingsorganet Norec vil vere ein viktig faktor i arbeidet.
- Studentmiljøet vil bli styrka ved å utvide studieporteføljen ved campus Førde på Vie. Auka studenttal i Førde vil krevje betre og meir hensiktsmessige lokalitetar. Aktivt rekrutteringsarbeid av studentar og tilsette må få ekstra merksemd.
- For å sikre eit levande og dynamisk framtidig campus Førde må ein vidareutvikle utdanningstilbod ved kvart fakultet og på tvers av dei fire fakulteta. Dette gjeld utdanningstilbod på fleire nivå; etter- og vidareutdaningar, bachelornivået og masternivået.
Sogndal og Bergen står for tur
Både campus Stord og campus Førde har no lagt fram sine campusutviklingsrapportar. Campus Haugesund er godt i gang med sitt campusutviklingsprosjekt og skal legge fram rapport og tiltaksplan i august 2021. Campusutviklingsprosjekta ved campus Sogndal og campus Bergen står no att, og desse vil ha oppstart hausten 2021.