Mathias Brekke Mandelid inn i Akademiet for yngre forskarar

Mathias Brekke Mandelid ved Høgskulen på Vestlandet er tatt opp som medlem i Akademiet for yngre forskarar. Han vil ha forskinga ut av tidsskrifta og inn i klasseromma.

– Det er veldig stas å bli tatt opp. Eg gler meg til å møte andre flinke unge forskarar frå ulike fagfelt og ståstader, som er opptatt av forsking og kunnskapen sin plass i samfunnsutviklinga, seier Mandelid.  

Mandelid er den første frå Høgskulen på Vestlandet som blir med i Akademiet for yngre forskarar. Akademiet er eit tverrfagleg nettverk for samarbeid og erfaringsutveksling blant unge forskarar. Dei vil fremje kunnskap og fri forsking i samfunnet, byggje bru mellom forskingsmiljø og samfunn og vere ein pådrivar for nyskapande forskingsformidling.  

– I Akademiet vil eg jobbe for å redusere avstanden mellom forsking, politikk og praksis. Kunnskap må bli meir tilgjengeleg, forstått og brukt, seier han.

Akademia må tettare på arbeidslivet  

Mandelid er tilsett ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Fagfeltet hans er pedagogikk, og han forskar på korleis skulen kan bli meir praktisk og fysisk aktiv.  

Forskingsfeltet hans, fysisk aktiv læring, handlar om korleis bevegelse og aktivitet kan vere ein integrert del av undervisninga i alle fag, for å støtte elevar si læring, utvikling og deltaking.  

– Vi får stadig meir kunnskap om korleis det å vere i bevegelse og aktivitet kan påverke elevar si læring og utvikling. Då må vi òg sjå på korleis skulekvardagen kan utviklast i tråd med det, i eit tett samspel mellom skule, forsking og politikk, seier Mandelid.  

Han meiner at universitet- og høgskulesektoren må samarbeide langt tettare med arbeidslivet, slik at forsking og ny kunnskap faktisk blir tatt i bruk. 

– I dag vert det publisert mykje forsking. Det finst nærmast ein artikkel om alt, men mykje er skrive i tungt akademisk språk. Det får meg til å stille spørsmål ved kor mykje som faktisk vert lese og tatt i bruk. Eg vil gjere forskinga meir tilgjengeleg for dei ho skal vere til nytte for, seier han.   

Erfaringane frå klasserommet forma forskaren 

Interessa for forsking og korleis forsking påverkar praksisfeltet begynte då han jobba som lærar på ein barneskule ved sidan av masterstudia.  

– I møte med elevane begynte eg å utvikle mi eiga pedagogiske grunntenking. Eg fekk erfaringar med at undervisninga vart annleis når elevane fekk vere aktive og bruke kroppen. Det vart viktig for meg å forstå korleis dette kunne henge saman, seier han.  

Etter kvart blei han tilsett som vitskapleg assistent ved Senter for fysisk aktiv læring, før han tok doktorgrad i pedagogikk og fysisk aktiv læring.  

– Då eg begynte å forske på fysisk aktiv læring var det som å få bidra til å utvikle eit fagleg språk for noko av det eg hadde erfart i klasserommet og byrja å utvikle i praksis, seier han.  

Han trivs i jobben som forskar, og likar både det å utvikle nye idear og ny kunnskap, og å samarbeide med andre.   

– Det beste med å vere forskar er å få lov til å vere ein arkitekt, der teoriane blir grunnmuren og empirien blir skissene til huset. Og så jobbe vidare, i tett samarbeid med andre, for at huset som blir bygd kan stå lenge og støtt.  

– For min del handlar det om samarbeid med dei som jobbar i skulen og andre aktørar som påverkar skulen, for å ta tak i og bidra til å løyse dei utfordingane som skulen og lærarar står i i dag, seier han. 

Vil ha insentiv for samarbeid  

Mandelid er opptatt av forskingspolitikk og forskinga si rolle i framtida. I Akademiet vil han mellom anna jobbe med kva som tel som akademisk kvalitet, og for unge forskarar si karriereutvikling. 

– Dagens karrieresystem i akademia gir sterke insentiv til publisering av artiklar og innhenting av forskingsmidlar. Det er færre insentiv for samarbeid med samfunns- og arbeidsliv, formidling og det å bidra til ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling. Dette kan verke inn på kva forskarane bruker tida si på, seier han.  

Han ønsker å løfte denne diskusjonen, også internt i eigen organisasjon. Høgskulen på Vestlandet er ein profesjons- og arbeidslivsretta høgskulen, som skal vere tett på arbeidslivet og samfunnet. Det meiner Mandelid bør gjenspeilast i karriereutviklinga, særleg til yngre forskarar.  

– Det er mange som samarbeider tett med samfunnsaktørar. Sjølv samarbeider eg mykje med lærarar, skular, kommunar og andre aktørar i skulen. Det er mykje å lære av dei. Eg vil derfor sette partnarskap og samarbeid på agendaen. Forsking må vere relevant og praksisnær slik, at ho kjem sluttbrukaren og samfunnet til gode, seier han.