Meistringskjensle + matematikk = sant?

Det å tru at du er dårleg i matte kan fort bli ein sjølvoppfyllande profeti som gjer det vanskelegare å lære. Spørsmålet er, kan vi gjere noko med det?

— Det er mange, også nokre lærarar, som trur at det finst to typar menneske: dei som har mattehjerne og dei som ikkje har det. Men det å tru at du er dårleg i matte – at du ikkje har mattehjerne - kan gjere det vanskelegare å lære, seier førsteamanuensis Karin Elisabeth Sørlie Street.

Ho skal leie omfattande forskingsprosjekt som vil undersøke korleis meistringskjensle spelar inn på læring. Prosjektet, som har tittelen SEMPER: Self-Efficacy in Mathematics, Pathways in Education and Research, blei nyleg tildelt rett i underkant av 10 millionar frå Norges forskningsråd og har oppstart hausten 2023.

Mindre usikkerheit, meir læring?

At det å kjenne på usikkerheit og skam gjer det vanskelegare å lære er noko forsking har vist oss, og med denne studien håpar Sørlie Street å få eit betre bilde av kva det er som skjer og kanskje også komme opp med nokre gode løysingar. 

— Dette er ein utruleg kompleks og omfattande problematikk, men noko av det som gjer denne studien interessant og som kanskje kan gi oss fleire svar er at den strekker seg over lengre tid. Vi vil gjennomføre spørjeundersøkingar på ulike tidspunkt undervegs og bruke video for å sjå korleis konkrete læringssituasjonar utspelar seg.

At studien blir gjort blant elevar i ungdomsskulen, i det som for mange er ein sårbar og utfordrande periode i livet, er ikkje tilfeldig.

— Vi vil forsøke å finne svar på kva tid det er best å fokusere på for å ha mest mogleg positiv innverknad. Unge menneske er i ferd med å forme ei forståing av seg sjølv, og vi vil gjerne nå fram før sjølvoppfatningane har «satt seg». 

Viktig med dialog og openheit

Sørlie Street har store forhåpningar til at prosjektet kan finne gode løysningar som utvidar handlingsrommet i klasserommet.  

— Håpet er at dette vil redusere behovet for eige spesialpedagogisk opplegg for dei som synes matematikk er vanskeleg. Det er ei stor, vanskeleg oppgåve, men om vi forstår meir av mekanismane, meir om kva slags rolle meistringsforventningar og sjølvtillit spelar for læring, vil vi kanskje kunne finne nye strategiar og verktøy ein kan bruke for å skape betre læringsmiljø for alle.

For å lykkast i dette meiner ho er det viktig å spele på lag med skulane, elevane og lærarane som deltek i forskingsprosjektet.

— Vi som skal forske på dette har ikkje planer om å komme inn utanfrå og så forsvinne. Eg er opptatt av å ha ein open dialog om kvifor vi gjer som vi gjer, få innspel og være ærleg om kva vi trur, men ikkje veit.

Meir rom for feil

Sølv om det er lenge til studien startar opp, har Sørlie Street mange tankar rundt problematikken. Ho har blant anne ein sterk mistanke om at det å omfamne, framfor å være redd for feil, kan være ein måte å gå fram på for å motverke matteskrekk.

— Eg trur mange, også lærarar, er redde for feil. Det gjer at ein glatter over og kjapt går videre om ein elev har feil svar på ei oppgåve. Men kanskje verkar dette mot sin hensikt? Kanskje forsterkar dette kjensla av at feil er farleg, noko som kan skape usikkerheit i eleven, seier Sørlie Street.

Ho trur vi har mykje å tene på å snu denne tankegangen, ufarleggjere feil og heller være nysgjerrige på deifeila vi gjer. Ho spekulerer også på om ein lur taktikk kan være å elever bryne seg på vanskelege oppgåver:

— Det å vise at matematikk er utfordrande, krevjande og at ein må gjere mange feil før ein får det til – det er kanskje ein oppleving som kan ha store ringverknadar? I livet er det ofte slik at det å greie noko du ikkje trudde du kom til å greie er utruleg meiningsfullt, kanskje meir meiningsfullt en om du lykkast med ein gong.  

Ikkje alltid to strekar under svaret

Som forskar er Sørlie Street oppteken av å lytte til tala si tale, samstundes er det vanskeleg å ikkje reflektere over dei store samanhengane når ein dykkar inn i slike problemstillingar. Ho kan nokre gonger lure på om vi er for resultatorientert, og at det kanskje er meir å hente om vi rettar meir fokus på vegen ein må gå for å nå fram til målet.  

— Eg arbeider ut frå eit dynamisk og grunnleggande positivt syn på kva læring er og bør væra. Det det å kjenne glede og nysgjerrigheit over å finne ut av noko, det å takle motgang og kjenne på at det er rom for å gjere feil, er viktig. Det å lære seg korleis ein skal gå fram på ein god måte for å tileigne seg kunnskap er viktig – vi må lære oss å lære.