Startar nye samtalar om einsemd og utanforskap

– Det å leve med sorg og tap er ikkje noko du kan meistre. Du må berre fortsette å leve med sorga og finne eit form for livsmot. Einsemd og utanforskap er tema under Sunnivas minnefonds menneskeverdseminar.

— Eg har blitt kalla den “einsame einsemdsforskaren”, men det å vere einsemdsforskar er ein tittel eg gjerne deler med fleire, seier Roger Ekeberg Henriksen.

Han har fått stor merksemd for forskinga si, som viser ein klar samanheng mellom einsemd og alvorlege helseplagar, mellom anna diabetes 2.

— Det å vere einsam innimellom er ein naturleg del av livet. Det er likevel mange menneske som er kronisk einsame, der einsemd pregar kvar einaste dag. Det er eit stort samfunnsproblem og det viktig å forstå meir: Kva det er som gjer folk einsame og korleis kan vi jobbe mot einsemda?

Design uten navn (5).jpg

Henriksen ønsker seg at stadig fleire kastar seg inn i arbeidet med einsemd. Og under Sunnivas minnefonds menneskeverdseminar på HVL campus Bergen vil han få selskap av fleire som skal belyse tematikken frå ulike perspektiv.  

Seminaret har tittelen “Fellesskap og verdigheit – også midt i livssmerten”, og er eit forsøk på å sette i gang ein ny samtale om einsemd og utanforskap, og utforske korleis vi som samfunn tenker, snakkar om og reagerer på dei opplevingane i livet som er vonde.

Seminaret har tre delar, der del ein og to er akademiske samtalar og refleksjonar om desse tema. Blant bidragsytarane er her er filosof Arne Johan Vetlesen (UiO), professor Paul Otto Brunstad (HVL), professor Sissel Rosland (HVL), og professor Herner Sæverot (HVL). Del tre av seminaret opnar aktiv deltaking i ulike workshops om korleis sameksistere med unge og menneske elles gjennom ulike uttrykk som musikk, drama, teikning og samtale. Her deltek blant anna dosent Mette Bøe Lyngstad (HVL), førsteamanuensis Bente Helen Skjelbred (HVL) og professor Silje Valde Onsrud (HVL).

Bak arrangementet står blant anna Siv Kristin Yndestad Borgen. Ho er høgskulelektor ved HVL og er styreleiar for Sunnivas minnefond, som blei opprette etter at dottera blei brutalt drepen i 2021.

Motstand mot mørket

For Yndestad Borgen er det viktig at minne om Sunniva ikkje berre handlar om drapet. Ho vil at dottera skal bli hugsa for den ho var då ho levde. For sine verdiar, det ho sto for i livet. Difor er det å invitere til samtale og refleksjon tema som utanforskap, einsemd og det å bygge gode fellesskap, viktig.  

— Ho hadde slik ei glede over det å leve og var så oppteken av menneske som levde i utanforskap. Ho såg dei, og for henne var det viktig å stille opp og inkludere dei.

Når Yndestad Borgen no reflekterer over arbeidet med minnefondet og seminaret, trur ho det også handlar om å yte ein form for motstand:

— Det har aldri vore noko eg har hatt ein klar bevisstheit om, men eg kan kanskje no sjå og tenke at arbeidet er ein reaksjon mot den krenkinga det var at Sunniva blei drepen – den krenkinga mot menneskeverdet.

Opnar for refleksjon

Under det opne seminaret er målet å sette i gang ein samtale. Ikkje berre blant forskarar frå ulike fagdisiplinar, men også blant dei som jobbar eller skal jobbe tett på menneske, anten dei er helsepersonell, sosionomar, lærarar eller frivillige. Håpet til Yndestad Borgen er å gi tid til å reflektere over spørsmål det ikkje er rom for i ein travel kvardag.

— Vi ønsker å opne for kritisk refleksjon og stille viktige, men kanskje vanskelege spørsmål. Gjer vi ting som aukar utanforskap? Korleis kan vi gjennom vårt arbeid bidra til å styrke eit fellesskap som tek vare på livsmotet og anerkjenner alle livets utfordringar?

Design uten navn (10).jpg

Meininga som skjular seg bak orda

Dette er også noko høgskulelektor Solrun Samnøy er oppteken av. Ho forskar på den innverknaden skulen har på elevar og lærarar si psykiske helse, og ser spesielt på læraren si rolle. Ho leiar også arbeidet med KLAPP, eit kompetanseutviklingstiltak for lærarar og skuleleiarar som fokuserer på styrke relevant kompetanse om psykisk helse i skulen. Som ein av bidragsytarane og arrangørane bak seminaret, er ho oppteken av å sjå nærare på språket vi brukar, på kva slags meining som ligg bak.

— I skulen og i samfunnet snakkar vi om “livsmeistring”, og om å gi barn og unge vaksne dei rette “verktøya”. Dette ber i seg eit instrumentelt syn på mennesket og livet, som fokuserer for mykje på målet eller resultatet, som om det er gitt kva som er ynskjeleg, og korleis ein kjem dit.

Under seminaret vil ho og Yndestad Borgen legge til rette for ein diskusjon om kva slags danningsideal som ligg til grunn for arbeidet ein gjer i skulen:

— Danning handlar ikkje berre om å finne dei rette svara, men om å støtte born og unge i det å vere i livet og vise at livet også rommar vonde opplevingar. Å vise korleis vi alle bidra i det verkelege livet, heller enn å søkja mot «ideallivet» som ikkje finns.

Dei deler ein mistanke om at den berøringsangsten og tabuet som er forbunde med utfordringar som einsemd og ulike formar for utanforskap, kan bli forsterka av forventinga om at alt kan fiksast:

— Lukke, eller livskvalitet, som er eit betre ord, er vel så mykje knytt til oppleving av meining og tilhøyr, som til fråver av ubehag. Det å ha ein forventning om at det er mogleg å ha full kontroll over livet og alt det som skjer, er urealistisk og kan potensielt vere ganske øydeleggande. Det bidrar til å skape ein førestilling om at livet skal vere fritt for smerte, fritt for det vonde, men det er jo umogleg, seier Samnøy.

Design uten navn (11).jpg

Frå livsmeistring til livsmot

Det var ingenting Yndestad Borgen kunne ha gjort for å førebu seg på det å miste ei dotter. I tida etterpå har ho fleire gonger fått høyre “du er så sterk”. Det er fint å få støtte. Samstundes er det noko ved dette som gjer ho tankefull.

— Det å snakke om å vere sterk eller svak, det er liksom ikkje det det handlar om. Det å leve med sorg og tap er ikkje noko du kan meistre. Du må berre fortsette å leve med sorga og finne eit form for livsmot.

Og kanskje handlar arbeidet mot utanforskap og for eit større fellesskap også om å skape ein annleis, større og meir kompleks forteljing om livet, som gir rom til både lys og mørke?

— Det er viktig å anerkjenne at livet har mange humpar, at det å ha det vondt er ein naturleg del av det å leve. Kanskje vi har noko å tene på å legge vekk tanken om livsmeistring og prøve å gi kvarandre livsmot.

Les meir om: 

Sunnivas minnefonds menneskeverdseminar 2023 - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om Sunnivas minnefond

- Einsemd er like farleg som usunn mat - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Ti års tankar om einsemd leia til funn med internasjonal slagkraft - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)