
Flott merkedag på HVL, campus Haugesund
– Nybygget blir ein viktig møteplass for kunnskap, læring og fellesskap, sa statsråd Sigrun Aasland då ho la ned grunnsteinen for nybygget ved campus Haugesund fredag 16. mai.
I strålande solskin. Dagen før dagen. Festdag med gjester. Flagg. Talar. Musikk. Mat og drikke. Ei flott ramme for å markere arbeidet med nybygg og ombygging av campus Haugesund.
Og som fleire drog fram:
– Eit spennande prosjekt for HVL, for Haugesundsregionen og heile Vestlandet.
Styrkar universitetsbyen Haugesund
Eit nybygg med moderne lokale og fasilitetar som styrkar kvaliteten i utdanning, forsking, nyskaping og samarbeidet med samfunns- og arbeidslivet.
Men ikkje berre det:
– Ein viktig møteplass i ein av dei mest teknologisk tyngste regionane i landet – og med sterk internasjonal forankring.
Det var i mai 2024, for eit knapt år sidan, at høgskulestyret samrøysta vedtok å realisere byggeprosjektet. I dag blei grunnstein og tidskapsel lagt ned på tomta.
– Me får eit framifrå nybygg med moderne rom og utstyr, sa rektor i talen sin.
– Me har utvikla utdanning, forsking og nyskaping over tid. Satsinga no styrkar universitetsbyen Haugesund og heile HVL med fem levande campus på Vestlandet.
Rektor takka tilsette, studentar og gode samarbeidspartnarar som har bidrege aktivt og med stort engasjement i arbeidet.
Han peikte på historiske linjer i talen sin.
– Høgskulen si verksemd i Haugesund sporar tilbake til oppstarten av maritim utdanning i 1874. Gjennom åra har det vakse fram sterkare fagmiljø, nye utdanningar og studenttalet har auka. Nytt bygg styrkar høgskulen og hjelper til at me kan nå våre høge mål.
Musikar Nils Økland stod for flotte musikalske innslag.
Eit løft for studie- og læringsmiljøet
Fleire av gjestene peikte på at høgskulen sin bygningsmasse ligg tett opp til Helse Fonna og det som no vert kalla «Kunnskapshøyden».
– Nybygget er ei viktig satsing for byen vår. Det vil kople HVL og byen endå tettare samen. Det nye universitetet ser me verkeleg fram til, helste ordførar Nils Konrad Bua i Haugesund kommune.
Det same peika direktør Anders Hovland og styreleiar Petter Steen jr. i Helse Fonna på.
– Gratulerer med dagen. Med dette nybygget kjem vi tettare på kvarandre ikkje minst i utdanning og forsking. Dette en sin stor dag for byen, regionen og heile landet.
Studenttingsleiar Andrea Grutle er glad for at nybygget gir studentane gode moglegheiter i studiekvardagen.
– Eit nybygg er eit løft for studie- og læringsmiljøet for studentane. Dette er ei investering for framtida.
– Eg har vore på tre av campusane til HVL på kort tid. I Bergen, i Sogndal og no i Haugesund. Flotte campusar og de er flinke til å vera tett på samfunnet alle plassar, sa Aasland i sin tale.
Stikkpassar og sjøkart i jorda
I grunnsteinen, eller tidskapselen, var det ein resolusjon frå Studenttinget på Vestlandet, ein stikkpassar og eit sjøkart, HVL sin strategi og universitetssøknaden slik han vart levert til NOKUT 20. juni i 2024.
– Gjenstandane knyter band melom fortid og notid og byggjer håp for framtida, sa rektor.
Gunnar Yttri tok i mot statsråd for forsking og høgare utdanning, Sigrun Aasland, på føremiddagen. Gjennom dagen hadde han og HVL-leiinga møter med Aasland og hennar følgje.
Dagen før dagen passa det godt med 17. mai-mat; pølser i brød. Kaffi og kake.
Fakta om nybygg og ombygging av HVL, campus Haugesund
- Nytt maritimt simuleringssenter
- Ny og større simuleringsarena for helsefag
- Nye læringsareal med stort auditorium og fleire undervisingsrom
- Nye areal for studentaktivitet
- Nye arbeidsplassar
- Kostnadsramme: 462 millionar kroner
- Brutto bygningsareal: 4474 kvadratmeter, i tillegg ca 1000 kvadratmeter ombygging.
- Byggherre: Statsbygg
- Totalentreprenør: Backe Rogaland
- Arkitektar: Holon arkitektur
Nybygget skal stå klart til studiestart i august 2026. Opning av ombygd areal skal vera klart til studiestart 2027.