Claire Glenton blant verdas mest siterte forskarar

– Vi treng både forsking som når breitt, og forsking som spissar seg direkte mot dei som tek avgjerder, seier HVL-professoren.

Clarivate si liste over verdas mest siterte forskarar er klar. Den viser at 22 av dei 7131 mest siterte jobbar ved norske institusjonar.

Ein av desse 22 er professor ved Høgskulen på Vestlandet, Claire Glenton. Ho jobbar ved fagseksjonen for kunnskapsbasert praksis og er ein del av Cochrane Norway.

– Det er naturlegvis hyggeleg at det ein skriv blir lest, eller i det minste sitert, seier Glenton.

Professoren forskar på kunnskapsbasert praksis, global helse og helsetenester. I tillegg jobbar ho mykje med forskingsmetodar, særleg innan systematiske oversikter og kvalitativ forsking.  

Å treffe dei rette lesarane

Fleire av publikasjonane ho har vore med på, er laga for å støtte konkrete avgjerder, ofte i samband med nasjonale eller internasjonale retningslinjeprosessar.

– Nokre av desse har blitt mykje sitert fordi dei tek opp tema som mange er opptatt av. Men for den typen publikasjonar er det aller viktigaste å nå dei rette lesarane, altså dei som skal lage anbefalingane. Her er det mindre viktig å nå ut til flest mogleg, seier ho.

Glenton påpeikar samstundes at artiklane om forskingsmetodar, har eit ganske anna mål, nemleg å nå ut breitt, mellom anna til studentar og andre forskarar.

Desse artiklane er ofte relevante på tvers av fagområde, noko som kan vere ein av grunnane til at dei blir mykje sitert.

Når artikkelfabrikkane veks

– For to år sidan kommenterte du utfordringa med feilsiteringar. Har denne utfordringa endra seg, eller er situasjonen litt den same som den gongen?

– Nei, eg trur ikkje dette har endra seg. I tillegg har eg merka nye utfordringar knytt til kunstig intelligens. Faktisk har eg blitt sitert på ein artikkel som eg ikkje har skrive!

Problema med artikkelfabrikkar og falske artiklar er også noko Clarivate kjenner godt til. Til saman har 432 forskarar som publiserer ekstremt mykje, blitt ekskludert frå lista.

Ifølgje Forskerforum er over halvparten av dei ekskluderte forfattarane frå Kina. Lista har heller ikkje med siteringar av artiklar med meir enn 30 forfattarar, artiklar som har blitt trekt og forskarar som er funne skuldig i juks. Artiklar med mange sjølvsiteringar blir også fjerna. Det betyr at Clarivate har fjerna om lag 2400 forskarar.

Glenton mistenker at mange gjer raske søk etter artiklar som kan brukast til å støtte deira metodeskildringar i ettertid, og at dei ikkje alltid tek seg tid til å lese dei.

– Det er ganske frustrerande, og gjer at eg tek slike «mest sitert»-lister med en klype salt. Samtidig har det gjort meg mykje meir nøye med å sjekke at eg siterer andre korrekt.

På jakt etter nøkkelord frå eige fagfelt

– Kva råd vil du gje til andre forskarar som ønskjer å nå ut internasjonalt?

– Eg er ingen ekspert på dette, men når eg tenker på korleis eg sjølv finn fram til relevante artiklar, opplever eg at det ikkje er avgjerande om tidsskrifta er «anerkjente». Det hjelper sjølvsagt, og nokre av artiklane eg har vore medforfattar på og som er mest sitert, er Cochrane-oversikter. Desse vert rekna som særs anerkjente i mitt fagmiljø, seier ho.

Glenton trur likevel at det som betyr mest, er at artiklane er «open access», og at titlar, nøkkelord og samandrag brukar ord og omgrep frå mitt fagfelt.

– Det er også ein fordel at tidsskrifta er indeksert i dei store databasane.

Igjen er Glenton opptatt av at ein må bestemme seg for kven ein ønsker å nå med forskinga si.

– ‘Suksess’ kan vere at ein har nådd ein handfull relevante lesarar. Til dømes hamnar nok dei som forskar på sjeldne sjukdomar ikkje så ofte på ‘mest sitert’-lister fordi det er få relevante lesarar. Likevel kan forskingsresultata deira vere ekstremt viktige for akkurat denne gruppa. Då gjeld det å gjere det ein kan for at akkurat denne målgruppa faktisk veit om forskinga di, seier professoren.