
Ferske midlar til forsking på lakseoppdrett og norsk jordbruk
Mohnsenteret ved HVL har fått 8 millionar kroner frå Forskingsrådet til å forske på korleis lakseoppdrettnæringa kan bli meir berekraftig. I tillegg er miljøet partnar i eit nytt prosjekt der HVL har fått 2,5 millionar til å forske fram forretningsmodellar for meir karbonlagring i norsk jordbruk.
Sidan introduksjonen tidleg på 1970-talet har oppdrettsnæringa vakse til å bli og ei av Norges viktigaste eksportnæringar. Lakseoppdrett har blitt milliardindustri, men næringa har også blitt konfrontert med utfordringar som lakselus og utslepp frå anlegg. Industrien har i tillegg fått kritikk at den kun berikar eigarar og investorar, og at altfor lite kjem lokal- og storsamfunn til gode.
– I forskingsprosjektet vil vi finne ut korleis lønnsemd og miljøfokus kan kombinerast. Vi vil også finne ut kva haldningar forbrukarar og lokalsamfunn har til laksenæringa, og korleis politikken kan skyve næringa i ei berekraftig retning, seier prosjektleiar Stig Erik Jakobsen.
Alternativ til lakseskatten?
Studien vil basere seg på eit breitt sett av data og metodar. Mellom anna vil dei gjennomføre casestudiar i utvalde lokalsamfunn kor lakseoppdrett har ein sentral posisjon.
– Næringa bidrar til arbeidsplassar i lokalsamfunnet. Vi må finne ut korleis bedriftene jobbar med miljømessig, økonomisk og sosial berekraft, og kva strategiar som kan styrke dette arbeidet.
– Viss vi finn gode døme på bedrifter som handterer dette på en god måte vil det være veldig viktig informasjon for oss, legg han til.
Målet er å identifisere dei gode modellane for økonomisk, miljømessig og sosial berekraft og finne ut kva politiske tiltak som kan fungere.
– Det har vore veldig mykje diskusjon om lakseskatten. Lakseskatten er et forsøk på at ein større del av overskotet skal gå tilbake til staten og kommunane. Men spørsmålet er om det også finnest andre løysningar, eksempelvis ved at bedriftene blir pålagt å gjere reinvesteringar lokalt, seier Jakobsen.
Illustrasjonsfoto: Shutterstock
Ny teknologi blir ikkje tatt i bruk
Forskarane vil også finne ut kva som skal til for å ta ny berekraftig teknologi i bruk. Dei opne merdane gir problem med utslepp i sjøen. Dei siste åra er det utvikla meir lukka løysingar, både semi-lukka anlegg i sjøen og helt lukka anlegg. Ein har også jobba med sjøanlegg som ligg langt til havs der opphopinga av avfall er mindre på grunn av større gjennomstrøyming.
– Ny teknologi er tilgjengeleg, men det blir ikkje tatt i bruk. Hovudgrunnen er at den er veldig dyr, mykje dyrare enn opne anlegg. Det skjer mykje, og det er veldig bra. Men det er et stykke fram før den nye teknologien blir implementert, fortel Jakobsen.
Prosjektet, som har fått tittelen REBALANCE, skal gå over 4 år og har fleire nasjonale og internasjonale partnarar med på laget.
– Ved Mohnsenteret har vi hatt fleire forskingsprosjekt på laks tidlegare. Konkurransen om forskingsmidlar i Forskingsrådet er blitt tøffare. Difor er det ekstra fint å få desse midlane, slik at vi får kontinuitet i forskinga på feltet, legg Jakobsen til.
Illustrasjonsfoto: Shutterstock
Karbonlagring i norsk jordbruk
Mohnsenteret har i tillegg fått 2,5 millionar frå Forskingsrådet til forsking på karbonlagring i norsk jordbruk. Prosjektet blir leia av Ruralis - Institutt for regional og rural regionalforsking i Trondheim. Ved Mohnsenteret skal Natalia Mæhle leie tre av totalt åtte arbeidspakkar.
Måten bønder driv jorda på er nemleg ikkje berre viktig for avlingar og matproduksjon. I klimasamanheng er jorda også vårt viktigaste karbonlager. Plantar lagrar karbon i stengsler og røter og bind karbonet til jorda. Å bevare og auke karbonlagring i jord er difor viktig for å redusere konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren. Men karboninnhaldet i jord har gått ned i store delar av verda.
– Måten jordbruksareala blir drivne på, kan påverke jorda si evne til å lagre karbon, men det det finst ulike tiltak bøndene kan gjere for å auke karbonlagringa, seier Natalia Mæhle.
Problemet er at det er veldig kostbart.
– Det finst allereie subsidiar som bøndene kan nytte seg av, men det er veldig få som gjer det. Det handlar både om tid og pris, legg ho til.
Spørsmålet er om det er mogleg å utvikle nye forretningsmodellar som enklare kan hjelpe bøndene til å innføre tiltak.
– Vi vil sjå på om ei tettare kopling til lokale forhold kan vere løysinga. Det finst allereie bedrifter som tilbyr karbonkompensering i Norge, men dette er meir generelle tiltak. Vi vil vidareutvikle og tilpasse tiltaka betre til norsk jordbruk, seier Mæhle.
Ho understrekar at det er viktig at bøndene sine perspektiv blir tatt med.
– Vi vil difor ha dialog med bøndene gjennom fokusgrupper og workshops. Vi skal anbefale modellar som passar til den lokale norske konteksten, avsluttar ho.
Fakta om REBALANCE
- 4-årig forskingsprosjekt på lakseoppdrettsnæringa
- Prosjektet er leia av Mohnsenteret ved Høgskulen på Vestlandet
- Partnarar i prosjektet: SINTEF, NMBU, Københavns Universitet
Fakta om KARBONMAT
- 3-årig tverrfagleg forskingsprosjekt om karbonlagring i norsk jordbruk
- Prosjektet blir leia av Ruralis - Institutt for regional og rural regionalforsking
- Partnarar: Høgskulen på Vestlandet, Grønt Fagsenter Buskerud, Norges Vel, Stiftelsen Norsk Mat, Tilburg University, University of Western Australia