Miksar kunstfag og naturfag med ny kraft ut i verda

Har kunstfaga og dei såkalla STEM-faga (Science, Technology, Engineering and Mathematics) noko å lære av og tilføre kvarandre? Ja, meiner høgskulelektorane Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt og Oddgeir Randa Heggland. Denne veka er dei med på skipa ein stor internasjonal konferanse med 300 deltakarar frå 40 land kor nettopp dette er tema.

Konferansen STEAM Approach in Science Education går digitalt i tre dagar.

- Enkelt forklart handlar dette om at elevar i skulen får møte og lære seg naturfag gjennom kreative læringsprosessar henta frå mellom anna musikk, drama, dans og kunst og handverk, fortel Anne-Beate Ulveseth Lilletvedt og Oddgeir Randa Heggland.

STEAM Education

Dei jobbar begge i lærarutdanninga på campus Stord. Anne-Beate er høgskulelektor i drama ved institutt for kunstfag, medan Oddgeir er høgskulelektor i fysikk og kjemi ved instiutt for idrett, kosthald og naturfag. Dei veit at det å krysse faggrenser ikkje alltid er like lett. Men i nokre av fagmiljøa ved lærarutdanninga på Stord har ein over tid jobba seg inn dette fagfeltet, og då i ein brei internasjonal kontekst. 

- Dette fagfeltet vert ofte omtala som STEAM Education (Science, Technology, Engineering, Arts, Math). Det er eit relativt nytt fag- og forskingsfelt som dei siste åra har fått stadig meir merksemd i Europa, seier førsteamanuensis og instituttleiar Oded Ben-Horin i HVL.

Han er ein av arrangørane for konferansen som startar i dag og samlar over 300 forskarar, lærarar og studentar frå heile verda.

- Målet er å synleggjere korleis dei praktiske og estetiske faga og STEM-faga kan integrerast, styrka, fordjupe og belyse kvarandre. Konferansen er eit samarbeid mellom to ulike EU-prosjekt som jobbar med STEAM-feltet. Det er og forankra i forskingssenteret CASE på campus Stord, fortel Ben-Horin.

Han meiner at møtepunkta mellom kunst og realfag i skulen blir viktigare og viktigare i framtida. Kreativitet, innovasjon og nyskaping er sentrale omgrep i læreplanar, og det å oppleve samanheng mellom fagområda er eit viktig element i det som kallast dybdelæring.

Samhandling med verda og samfunnet utanfor skulen

Den digitale konferansen har eit variert program med vekt på føredrag og workshops.

Doktorgradstipendiat Janne Robberstad i HVL, som er koordinator for eitt av EU-prosjekta, fortel at konferansen og tar inn samfunnet rundt skulen.

- Dette er i aller høgste grad samhandling med omverda, seier ho.

- Tidlegare har vi samarbeidd med CERN som er Europas største laboratorium for partikkelfysikk. Denne gongen har vi med oss mellom anna professor Bernard Foing frå European Space Agency, som var Principal Project Scientist for Europas første måneekspedisjon, SMART-1.

- Vi har også med Dr. Sofoklis Sotiriou frå Ellinogermaniki Agogi i Hellas, og vi har med Dr. Kerry Chappell frå Universitetet i Exeter. Ho er nyleg tilsett i ei 2-ar stilling ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) her på HVL, fortel Robberstad.

Godt lagspel

Å arrangere ein stor internasjonal konferanse er eit omfattande arbeid. Då er det kjekt når ting flyt og samarbeidet på tvers i HVL er godt.

- Heldigvis har vi eit veldig effektivt team her på HVL som samarbeider godt på tvers av fag og administrasjon.

- I tillegg til gode fagtilsette vil eg og løfta fram Grethe Lønning Grimsbø og Helene Oestreich frå HVL sine støttetenester. Dei har vore gode å ha i førebuinga av konferansen. Dei blir og viktige i sjølve gjennomføringa.

- Eg opplever at vi er blitt gode på HVL til å arrangere digitale konferansar, og eg vil takke alle som bidrar her. Dette er eit godt samspel. No gler vi oss.

- Vi er stolte over å vere vertskap for konferansen, seier Robberstad.