Næringsministeren med ros til HVL

Næringsminister Jan Christian Vestre fekk onsdag ettermiddag ei god oppdatering på det viktige regionale samspelet mellom HVL og arbeidslivet. Ministeren lot seg imponere under besøket i Førde.

- Vi må ha utdanningsinstitusjonar som er gode til å forske frem nye løysningar og som til saman utdannar kunnskapsrike og kompetente studentar. Det vil eg seie at Høgskulen på Vestlandet i høgste grad gjer. Det arbeidet som gjerast her er gull verdt for næringslivet, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Onsdag 26. januar besøkte han Sunnfjord og Førde. På to timar blei han betre kjend med mykje av det spennande og rike miljøet av verksemder både innan utdanning, forsking, innovasjon og nyskaping som veks fram og samspelar i Sunnfjord.

På programmet var det innleiingar frå både Fagskulen i Vestland, Helse Førde, Hellesnes AS,  Peak Sunnfjord, Tibber, Innovasjon Norges vekst og gründersenter, Vestlandsforsking og HVL.

- Veldig kjekt å få presentere korleis vi i høgskulen samarbeidar med arbeidslivet rundt oss. Eg opplevde å møta ein positiv, lyttande og interessert næringsminister. Vi er einige om at høgare utdanning er blitt eit svært viktig næringspolitisk verkemiddel, seier Geir Kåre Resaland.

Hovudpoenget i innlegget til Geir Kåre Resland er at HVL jobbar langs to aksar.

- Vi utviklar fleire nye relevante studietilbod og oppdaterer den øvrige studieporteføljen vår slik at dette samsvarar med kompetansebehova i arbeidslivet rundt oss.

- Samstundes bygger vi forskingskapasitet på områda kor vi tilbyr utdanning.

- Dette er til saman heilt avgjerande for at Vestlandet og Noreg skal nå opp i den internasjonale konkurransen og vere med å skape verdsleiande næringsliv, understreka Resaland overfor næringsministeren.

- Høgskulen sitt mål om å bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet handlar mellom anna nettopp om dette: å styrke forskinga på områder som er viktig for næringslivet i regionen vår.

Eit samfunns- og arbeidsliv som no blir grønare og må levere kraftig på berekraft var og på agendaen.

 - I denne omstillinga er kompetanse ein av suksessfaktorane for å lukkast. Det utfordrar både HVL og resten av utdanningssektoren.

- Utdanning skal vere tilgjengeleg for folk i ulike livssituasjonar, og uavhengig av kvar i landet vi bur. Utdanningsinstitusjonane er derfor no meir bevisst på sin regionale rolle og dette med berekraft. Vi i HVL tek dette på det største alvor, fortalte prorektor Geir Kåre Resaland.

Teknoloftet.jpgRELEVANT OG NYSKAPANDE FORSKING: I Førde fekk næringsminister Jan Christian Vestre sett robotlaben der forskingsaktiviteten i regi av Teknoløft-stipendiatane går føre seg.

Lytter.jpg
SAMTALE: Næringsministeren noterte flittig og stilte spørsmål til dei ulike innleiarane, mellom anna prorektor for regional utvikling Geir Kåre Resaland i HVL.