
NOKUT-rapport viser at HVL har eit tilfredsstillande kvalitetssystem og kvalitetsarbeid
NOKUT har gjennomført tilsyn med HVL sitt arbeid med kvalitet i utdanningane. I dag kom rapporten frå NOKUT. Den peiker på mange positive sider ved HVL sitt kvalitetsarbeid.
– Det var veldig kjekt å lesa rapporten og få den gode tilbakemeldinga. Ikkje minst var det fint at den sakkyndige komiteen trekk fram at kvalitetssystemet er sterkt studentorientert, seier prorektor for utdanning i HVL, Anne-Grethe Naustdal.
– Eg vil til takke tilsette og studentar, praksisfeltet og eksterne samarbeidspartnarar for godt arbeid med å utvikle kvalitet i utdanningane våre.

– Tilbakemeldinga viser at godt arbeid over tid gir utvikling som styrkar system og strukturar, og som byggjer opp under ein god kvalitetskultur, seier prorektor for utdanning i HVL, Anne-Grethe Naustdal. Foto: HVL/Ingvild Festervoll Melien.
Utdrag frå rapporten
Positive tilbakemeldingar
Komiteen vil nytte høvet til å takke HVL for interessante og spennande samtalar under institusjonsbesøket, med engasjerte og dedikerte studentar og tilsette, og for eigenevalueringa og dokumentasjonen som høgskulen la fram i tilsynet.
Komiteen vil også rose HVL for det omfattande og gode arbeidet som er lagt ned i utviklinga av kvalitetssystemet over tid.
Komiteen gir HVL honnør for det grundige arbeidet med læringsmiljøet. Gjennom eit tydeleg system med klar ansvarsfordeling og velfungerande praksis sikrar HVL eit heilskapleg og kontinuerleg fokus på læringsmiljøet ved alle dei fem campusane.
Komiteen rosar vidare HVL for det systematiske arbeidet med å byggje kultur for kvalitet gjennom å styrke den pedagogiske kompetansen hos undervisarane gjennom kurs og ei fast meritteringsordning. Eit pedagogisk akademi vil bidra til nettverk, bygging og deling av erfaringar og kunnskap om undervisnings- og utdanningskvalitet med vekt på studentane si læring, samarbeid og vitskapeleg tilnærming.
Innspel til forbetringar
Komiteen har også nokre innspel til vidare utvikling og forbetringar.
I det vidare arbeidet med kvalitetssystemet og kvalitetsarbeidet meiner komiteen at HVL bør ha særleg merksemd på mellom anna:
Den periodiske evalueringa av studietilboda til HVL bør i større grad involvere eksterne aktørar. HVL bør også arbeide for å styrke utviklingsformålet med evalueringane.
Komiteen tilrår at høgskulen identifiserer, utviklar og tar i bruk konkrete, målbare og relevante indikatorar og måltal som kan brukast til å evaluere kvalitetsarbeidet og kvaliteten i utdanningane.
Det er behov for å rydde opp i uklarheiter rundt ansvar og myndigheit i organisasjonen.
HVL bør vurdere korleis studentane sine tilbakemeldingar kan bli brukte på ein meir hensiktsmessig måte i kvalitetsarbeidet. HVL bør prioritere blant dei mange undersøkingane og vurdere når det er rimeleg å involvere studentane.
HVL bør etablere ein fast årleg rapport til styret som gir ei samla framstilling av kvalitetsarbeidet, slik at styret får eit heilskapleg grunnlag for vurderingar.
– Dette er innspel vi tar med oss i arbeidet vidare. Fleire av desse punkta er vi alt i gang med og vi set i gang eigne utviklingsprosjekt på nokre område, seier Anne-Grethe Naustdal. Her kan du lesa rapporten.
Handsaming i NOKUT-styret 29. april
Rapporten vil vera grunnlag for NOKUT-styret si handsaming den 29. april 2026. Innstilling til vedtak er: Basert på dei faglege vurderingane og tilrådinga frå dei sakkunnige konkluderer NOKUT med at Høgskulen på Vestlandet har eit tilfredsstillande kvalitetssystem og kvalitetsarbeid. Krava i universitets- og høgskuleforskrifta §§ 1-7 og 1-8 er oppfylte.