– Eg er stolt av HVL!

Det seier rektor Gunnar Yttri etter at NOKUT-komitéen som vurderer universitetssøknaden vitja høgskulen 16. og 17. april.

I løpet av dei to dagane hadde NOKUT-komitéen i alt 15 ulike møte med tilsette og studentar frå alle tre fakultet, frå ulike deler av administrasjonen og frå biblioteket. Eksterne representantar i ulike utval ved HVL tok også del.  

Sjølve vitjinga fann stad på campus Bergen med HVL-utsendingar frå alle campus.

Godt førebudde

– Eg er veldig nøgd med innsatsen til tilsette og studentar. Eg er beint fram stolt av Høgskulen på Vestlandet! seier rektor Gunnar Yttri.

Han er imponert og takksam over gjennomføringa.

– Dei ulike intervjugruppene har vore kjenneteikna av å vera godt førebudde og sterkt engasjerte. 

Og han legg til:

– Oppslutnaden har vore formidabel. Det gjeld ikkje berre dei nær 80 som tok del på møta. Me har også hatt over 50 godt førebudde vara-folk som var klar til å steppa inn ved eventuelle forfall.  


Rektor Gunnar Yttri ønskjer komitéleiar Berit Eika velkommen til HVL og campus Bergen. Bak ser me komitémedlem Stine Grønvold.

Komitéen hadde mellom anna møte med:

  • Studentar frå bachelor- og masterprogram som rekrutterer til ph.d.-programma
  • Ph.d.-studentar og undervisarar med emneansvar frå eit utval bachelor- og masterprogram som rekrutterer til dei fire ph.d.-programma i HVL
  • Faglege leiarar for dei fire ph.d.-programma 
  • Ph.d.-programutvala, inkl. ph.d.-studentar
  • Programansvarlege for bachelor- og masterprogram som rekrutterer til ph.d.-programma 
  • Leiarar for seks forskargrupper
  • Representantar frå sentralt ph.d.-utval og representantar frå sentralt utdanningsutval, inkl. studentrepresentantar
  • Instituttleiarar  
  • Dekanar og prodekanar for forsking 
  • Rektor og styreleiar, prorektorar og direktørar

Kvalitet og utvikling

Yttri seier at det blei to innhaldsrike og givande dagar.

– Inntrykket mitt er at besøket blei gjennomført på ein god måte og at komitéen fekk ei oppdatert innsikt i verksemda vår. Mykje handlar om det faglege arbeidet, utviklinga vår innan forsking og utdanning, og korleis høgskulen sikrar god fagleg kvalitet i alle einingar. 

– Me presenterte dei ulike campusane med merksemd på infrastruktur, læringsareal og bibliotek, og korleis me har arbeidd og arbeider med campusutvikling, men og på tvers som éin samla institusjon. Koplinga mot det internasjonale blei og belyst.

Meir dokumentasjon skal ettersendast

Rektor understrekar at trass god innsats frå HVL si side, så står avgjerande vurderingar igjen i NOKUT-komitéen. Neste steg i prosessen er at HVL etter nærare bestilling frå NOKUT skal ettersenda meir dokumentasjon. Tala for vitskapleg publisering i 2025 vil vera del av dette.

– Bodskapen frå komiteen er elles at ein held fast på tidsplanen for handsaming av søknaden, seier rektor.

Det vil seia at rapporten med tilrådingar frå den sakkunnige komitéen vil liggja føre på haustparten, og innan utgangen av 2026 vil det liggja føre vedtak i NOKUT-styret. Eit positivt vedtak vil då gi regjeringa grunnlag for å tildela HVL status som universitet gjennom eit vedtak av Kongen i statsråd.

Å verta akkreditert som universitet er særs viktig for HVL og for samfunnet, understrekar Yttri.

– Universitetet på Vestlandet har utsikt til å styrka kvalitet og kapasitet i utdanning, forsking og nyskaping. Attraktiviteten vår vil auka, og innverknad og samspel regionalt, nasjonalt og internasjonalt får eit sterkare grunnlag.  

Gitt lærdommar

Rektor Yttri ser fram til vidare samarbeid med NOKUT om søknaden og framdrifta i arbeidet.

– Eg vil takka komitéen med komitéleiar Berit Eika i brodden for besøket. Det er eit gode for høgskulen å verta granska av ei så kompetent gruppe. Deira innsats og spørsmål har alt gitt oss lærdommar å byggja vidare på. Eg ser fram til rapporten og tilbakemeldingane.  

Bakgrunnen for besøket frå NOKUT-komitéen er HVL sin søknad om å bli akkreditert som universitet. Det var i juni 2024 Høgskulen på Vestlandet sendte søknad til NOKUT om å bli akkreditert som universitet. I september 2025 sendte HVL inn ein oppdatert søknad.


Torsdag 16. og fredag 17. april 2026 gjennomførte den sakkyndige NOKUT-komitéen institusjonsbesøk ved HVL og campus Bergen. Komitéens sitt arbeid begynte med eit oppstartsmøte i slutten av oktober 2025. I tillegg, og som støtte til hovudkomiteen, har åtte sakkunnige i fire faggrupper vurdert HVL sine fire eigne ph.d.-program i vurderinga av HVL sin universitetssøknad.