Ny vidareutdanning i Programmering

Koding og programmering rullar med høgare og høgare fart inn i skulekvardagen. Regjeringa vil at fleire lærarar skal utvikla kompetansen sin innan fagområdet. No kjem HVL med ei fersk vidareutdanning for å møta behovet i skulen.

Tidlegare i desember tildelte Utdanningsdirektoratet HVL eit oppdrag om å utvikla og tilby eit 100 prosent nettbasert studium i programmering.

For HVL er den nye vidareutdanninga på 15 studiepoeng eit samarbeid som byggjer vidare på dei gode erfaringane frå emnet Teknologi og programmering som IKT i læringsmiljøet på campus Stord har kjørt i 2017.

No har ein kopla på gode kollegaer frå lærarutdaninga i Bergen og Institutt for data og realfag, og utvikla emnet vidare.

Den nye vidareutdanning som blir ein del av "Kompetanse for kvalitet" har plass til 50 studentar frå heile landet og vil opna for opptak 1. februar.

- Målet er at studentane skal få ny kunnskap og betre innsikt i ulike digitale teknologiar, og korleis ein kan ta programmering i bruk i læringsarbeid.

- Me skal vere praktisk retta, og legg mellom anna vekt på utprøving i læraren sin eigen undervisningspraksis, fortel førstelektor Anders Grov Nilsen i HVL.