HVL får nye studieplassar til vernepleie og bioingeniør

I framlegget til statsbudsjettet for 2027 får HVL tildelt 30 nye studieplassar til vernepleieutdanning og 20 nye studieplassar til bioingeniørutdanning.

Saman med 30 nye studieplassar til maskinoffiserutdanning som statsråd Eileen Fugelsnes kunngjorde ved opninga av nybygget ved campus Haugesund 22. september, vil HVL få tildelt 80 av dei 150 nye studieplassane som regjeringa har sett av i framlegget til statsbudsjettet for 2027.

– Dette er ein verkeleg stor dag for HVL og alle våre fem campusar. Hjarteleg tusen takk, sa rektor Gunnar Yttri under frukostmøtet ved campus Bergen onsdag 7. oktober.

Statsråd Eileen Fugelsnes peikte på at HVL ved fleire høve har argumentert for nye studieplassar til vernepleieutdanning og bioingeniørutdanning. Både i møte, men og i innspel til statsbudsjettet.

– Vestlandsbioingeniøren er bra for heile regionen

Studiemodellen kring den såkalla vestlandsbioingeniøren var noko statsråden trakk fram.

– Det er ein god modell som gjer at studentar kan ta dei to første åra i Bergen, og ta det tredje året i Bergen, i Førde eller i Haugesund. Det er bra for heile regionen.


Både tilsette og studentar var på plass under frukostmøte. Foto: Mauricio E. P. Ramirez og Tora Andersen, HVL Medielab.

Det vanka meir ros frå statsråden under frukostmøtet.

– HVL gjer ein fantastisk jobb og har ein profil og studieportefølje som Noreg treng i åra som kjem.

Rektor Gunnar Yttri viste til at HVL over år har lagt ned eit omfattande og godt arbeid i utviklinga av forskingsbaserte utdanningar.

– Gir rammer til å styrke samfunnsmandatet


– HVL set stor pris på framlegget og kjenner på respekt. Det gjer inntrykk å bli sett og verdsett for arbeidet vårt. Vi kjenner på eit ansvar for å bruka studieplassane best mogleg. Denne tildelinga gir rammer til å styrke heile samfunnsmandatet vårt.

Dekanane Else Cathrine L. Rustad (Fakultet for helse, og sosialvitskap) og Jens Kristin Fosse (Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap) takka og for nye studieplassar.

– Nye studieplassar gjer at vi kan møta eit kompetansebehov, og det vil samstundes auka attraktiviteten vår, sa Rustad.

– Med nye studieplassar styrkar vi fagmiljøa og er betre rusta til å svara opp behova i arbeidslivet, sa Fosse.


Fylkesvaraordførar Stian Davies i Vestland fylkeskommune roste HVL for å arbeida godt og i nært samspel med samfunns- og arbeidslivet langs heile Vestlandet. Foto: Mauricio E. P. Ramirez og Tora Andersen, HVL Medielab.