
No har HVL fått ein endå tydelegare språkpolitikk
Dei språkpolitiske retningslinjene set kursen for alt av høgskulen sitt arbeid med språk. No er dei blitt oppdaterte, og her kan du lese meir om kva som er nytt.
– Dei gamle språkpolitiske retningslinjene våre var frå 2018. Det var ei tid der det ikkje var så mange andre utdanningsinstitusjonar som hadde laga slike retninglinjer, seier Edit Bugge, professor i norsk.
Ho har vore fagleg medlem av gruppa som har revidert dei språkpolitiske retningslinjene til HVL.
– Dei gamle retningslinjene var prega av at dette var litt nytt, og av at vi var ein ny høgskule som skulle finne sin ideologi, også språkleg, legg Bugge til.
Oppstramming og utviding
No har retningslinjene blitt stramma opp og gjort endå tydelegare. Nokre stader var dei i overkant ordrike og beskrivande, og andre stader var det trong for presiseringar.
– Eit døme på oppstramming i teksten er delen om klarspråk, seier Bugge.
Den førre teksten om klarspråk inneheldt ein del bakgrunnsinfo og kontekst. No som fleire har eit forhold til klarspråk og kvifor det er viktig, står berre den sentrale bodskapen att: "Prinsippet om klarspråk, eit korrekt, klart og mottakartilpassa språk, skal leggjast til grunn for all skriftleg kommunikasjon frå og ved Høgskulen på Vestlandet."
Andre stader har det vore trong for å utvida den gamle teksten. Til dømes har det komme inn ei formulering om at nynorsk er høgskulen sitt førsteval i innstillingar og tekniske løysingar i læringsplattformar og søkemotorar, i tillegg til at høgskulen skal bidra til å styrka posisjonen til nynorsk i utviklinga av nye KI-verktøy.
Opplæring for studentar og tilsette
– Det kanskje viktigaste punktet i retningslinjene er punkt fem om språkkompetanse og opplæring, seier Bugge.
Der står det kva tiltak høgskulen set inn for å sørge for god språkkompetanse hos både studentar og tilsette.
– Høgskulen tar ansvar for å sikre at alle studentar som går ut av utdanninga skal ha fått dei reiskapane som skal til for å ha eit godt og klart språk, seier professoren.
Sidan 2018 har det òg komme til nokre relevante lovendringar. Til dømes blir det stilt strengare krav til norskkunnskapar i hos dei vitskapleg tilsette.
– Vitskapleg tilsette som har fast stilling, og som ikkje kan norsk ved tilsetjing, skal kunne dokumentere B2-nivå i norsk tre år etter tilsetjinga. Det er eit nytt krav i loven.
Universitets- og høgskulelova stiller ikkje dei same krava til administrativt tilsette, men dei er likevel nemnde i dei nye retningslinjene til høgskulen.
– Det er komme inn i retningslinjene at vi skal ha gode ordningar for opplæring for administrativt tilsette, både på norsk og engelsk. Tilsette som ikkje hadde nynorskkompetanse ved tilsetjing skal få tilbod om opplæring, seier Bugge.
– Viss HVL verkeleg skal oppfylla forpliktinga si om å ha nynorsk som hovudspråk, må ein ha tiltak i alle ledd og delar av organisasjonen.
Tar tydelegare ansvar
– I dei nye retningslinjene har vi òg presisert HVL si rolle og forplikting overfor norsk teiknspråk. Det var litt uklart før, men no har vi fått inn nokon klarare formuleringar, seier professoren.
– Det er òg komme tydelegare inn at HVL har eit ansvar for studentar med norsk som andrespråk. Eit punkt eg håper folk merkar seg er at studentar som har norsk som andrespråk no skal kunne søke om utvida eksamenstid, seier Bugge.
Må forankrast i organisasjonen
– Korleis bør ein gå fram for å ta dei nye retningslinjene i bruk?
– Det er utfordringa. Retningslinjene gjer ikkje nokon nytte for seg utan at dei er godt kjende i organisasjonen. Første steg er å gjere dei kjende i organisasjonen, seier Bugge.
– Så håper eg at det blir gjort ein jobb i fakulteta for å etterfølge retningslinjene og for å konkretisere dei på den måten som er relevant i lokale kontekstar.