Sjukepleie og økonomi trekker rekordmange studentar til Høgskulen på Vestlandet

Fleire vil studere ved Høgskulen på Vestlandet i år samanlikna med i fjor. Sjukepleie er svært populært, og konkurransen for å kome inn er større enn på mange år.

Det viser tala frå Samordna opptak. I desse dagar sender Høgskulen på Vestlandet (HVL) ut tilbod om studieplass til 6966 personar. Det er 370 fleire enn i fjor og det høgaste talet sidan 2021, som var eit rekordår på grunn av pandemien.

Prorektor for utdanning ved HVL, Anne- Grethe Naustdal, ønsker alle nye studentar velkommen.

–  Eg er svært glad for at så mange vil studere ved Høgskulen på Vestlandet. Vi skal gjere vårt beste for at studietida blir både lærerik og minnerik, seier Naustdal.

Ho framhevar at HVL utdannar til yrke det er stort behov for i samfunnet, som
sjukepleiar, lærar og ingeniør.

–  Vi lever i ei uroleg tid, og eg trur ein av grunnane til veksten i talet på studentar ved HVL handlar om at mange unge i dag ønsker seg ein trygg jobb for framtida. Det får dei hos oss, seier Naustdal.

Økonomi- og administrasjonsfaga er også ettertrakta ved HVL. Det er aller størst konkurranse om å kome inn på bachelorutdanninga i Bergen i økonomi og administrasjon, etterfølgt av sjukepleie, fysioterapi, sosialt arbeid og Human Resource Management og leiing. Dette er dei fem utdanningane med dei lengste ventelistene.

Foto av studentar på sjukepleie
For første gang på fleire år er det poenggrense for å kome inn på sjukepleie både i Bergen, Førde, Haugesund og på Stord. Illustrasjonfoto: HVL/Falkeblikk

Stor konkurranse på sjukepleie

Svært mange ønsker å studere sjukepleie i år. Totalt sender HVL ut tilbod til 1173 personar på bachelor i sjukepleie i år, mot 721 personar i fjor. I 2024 blei det i tillegg sendt ut 303 tilbod i det lokale opptaket utan karakterkrav på sommaren.

For å bidra til at enda fleire kan studere sjukepleie, har HVL oppretta deltidsutdanning. Deltidsutdanningane i både Bergen og Haugesund har slått an.

–  Det er stort behov for at unge vel sjukepleie og helsefag, og det er fantastiske tal for sjukepleieutdanninga. Eg trur det er fleire grunnar til den store auken: at dei særskilde karakterkrava er fjerna, at unge ønsker ein sikker jobb og at mange ser både verdien og dei mange karrieremoglegheitene som ligg i sjukepleiaryrket, seier Naustdal. 

Konkurransen for å kome inn har òg blitt tøffare. For første gang på fleire år er det poenggrense for å kome inn på sjukepleie på alle campusane våre, i fjor gjaldt dette berre Bergen. På alle campus er det ventelister, og i Bergen står over 1300 på venteliste.

–  Mange var uroa for at det å fjerna det særskilde karakterkravet ville føre til dårlegare kvalitet, men det vi ser no er at konkurransen og poenggrensa aukar. Vi utdannar til heile Vestlandet, og eg er særleg glad for at vi no rekrutterer så godt til distrikta der behovet for sjukepleiarar er stort, seier Naustdal.

Det er generelt mange søkarar til helse- og sosialutdanningane ved HVL, både på bachelor- og masternivå.

Deltidsutdanninga i elektroteknologi ved HVL, campus Førde slår an. Illustrasjonsfoto: HVL/Mauricio Pavez

Nye og fleksible studieretningar møter samfunnsbehov

HVL jobbar på mange ulike måtar med å tilpasse utdanningane til behova i arbeidslivet. Eit nytt samlingsbasert deltidsstudium innan elektroteknologi i Førde er blant studia som har trekt svært mange. Utforminga av studiet har skjedd i tett samspel med næringslivet.

Opphavleg var det berre planlagt 13 studieplassar på deltid, men på grunn av svært stor interesse, gir no HVL 50 personar tilbod om plass. 

–  Det er veldig kjekt at dette studiet verkeleg har slått an. Med eit samlingsbasert deltidsstudium når vi søkarar i ulike livsfaser, og vi rekrutterer også frå eit større geografisk område, seier Naustdal.

Stabilt på ingeniør, men unge manglar realfag

Ingeniørfaga ved HVL hadde ein vekst på 10,7 prosent i talet på søkarar i april. Dette i motsetnad til landet elles som opplevde ein nedgang. Likevel ser vi at tilbod som er sendt ut på ingeniør er omtrent som i fjor, 709 i 2025 mot 726 i 2024.

–  Ein grunn til dette kan vere at det er ein god del av dei som søker ingeniørstudia som ikkje er kvalifisert, fordi dei manglar realfag, seier Naustdal.

Ho peikar på at dette er ei utfordring i heile landet.

–  Vestlandet og Noreg har stort behov for ingeniørar, og det er bekymringsfullt at færre unge i dag vel realfag i vidaregåande skule. Vi har derfor brukt mykje ressursar på å opprette tilbod ved HVL som gir realfagskompetanse, men her må det også gjerast ein innsats for at fleire vel realfag i vidaregåande, seier Naustdal.

Ingeniørfaga med best søking er maskiningeniør og havteknologi i Bergen. Her er det venteliste og høg poenggrense for å komme inn. 

Studentar som studerer havteknologi brukar mellom anna dette laboriatoriet til undervisning og studentoppgåver. Foto: HVL/Mauricio Pavez

Pilene peiker oppover for grunnskulelærar

Etter fleire år med nedgang i søknad til grunnskulelærarutdanningane, peikar pilene no oppover. Totalt sendte HVL ut tilbod til 644 personar gjennom Samordna opptak på grunnskulelærar i år, mot 402 personar i fjor. Auken er størst for grunnskulelærar 1.-7. trinn.

–  Lærar er eit av dei viktigaste yrka vi har i samfunnet, og læraren er ein viktig person i eit barn sitt liv, både for deira læring og utvikling. Vi har jobba hardt for å auke rekrutteringa til læraryrket, og eg håpar dette er starten på ein positiv trend, seier Naustdal.

I fjor sendte HVL også ut 366 tilbod på grunnskulelærarutdanningane i det lokale opptaket. I årets opptak er det framleis mogleg å søke, så foreløpig kan vi ikkje samanlikne kor mange som kjem gjennom ledige studieplassar.  

Høgskulen på Vestlandet har i fleire år leia det nasjonale prosjektet for lærarrekruttering. Prosjektet har som mål at fleire søker lærarutdanning og startar i yrket, samt at det blir eit større mangfald blant lærarar i barnehage og skule.

Ved mange av lærarutdanningane er det framleis ledige studieplassar. Samtidig er det nokre av studieretningane som fyller alle plassane og poenggrensa for å komme inn er høgare i år enn i fjor. Å bli lærar innan kroppsøving og idrettsfag, 1.-13. trinn, er særleg populært.

Barnehagelærarutdanninga legg stor vekt på utforsking og leik ute saman med barna. Foto: HVL/Ingvild Constance Festervoll Melien

Ledige studieplassar på barnehagelærar

HVL har ei av dei største barnehagelærarutdanningane i landet og tilbyr denne i Bergen, i Sogndal og på Stord. I likskap med trenden nasjonalt, er det og nedgang til barnehagelærar ved HVL. Her er det ledige studieplassar ved alle campus. 

–  Eg håpar fleire vil søke på barnehagelærarutdanninga på ledige studieplassar. Dei fleste barn i Norge går i barnehage, og det er ein viktig arena for inkludering, venskap, leik og meistring. At vi har godt kvalifiserte barnehagelærarar er avgjerande for at vi skal kunne gi dei minste barna eit godt tilbod, seier Naustdal.

Dersom ein inkluderer dei arbeidsplassbaserte deltidsutdanningane, ser situasjonen noko lysare ut. I samarbeid med mellom anna Hardanger-Voss-Kvinnherad studiesenter er det oppretta fleksible utdanningar. Desse er retta mot folk som allereie jobbar i barnehage, men som ikkje har utdanning innan yrket.

Frå hausten tilbyr HVL også for første gong ei bachelorutdanning i skulfritidspedagogikk (SFO) på deltid, retta mot folk som jobbar i skulefritidsordninga. Denne utdanninga startar opp i Bergen og på Stord.

Høgskulen på Vestlandet har moderne fasilitetar og mange stader der studentar ha kollokviegrupper. Illustrasjonsfoto: HVL/Mauricio Pavez

Svært populært med økonomi - nytt studium slår an

Økonomi- og administrasjonsfaga har svært gode opptakstal. Det mest ettertrakta studiet ved HVL er bachelorutdanninga i økonomi og administrasjon i Bergen. Her står til saman 1453 søkarar på venteliste. 

Eit heilt nytt årsstudium innan Human Resource Management og leiing ligg og høgt oppe på lista over dei mest søkte studia. Her står over 500 på venteliste.

–  Økonomifag held fram med å rekruttere godt, og ekstra kjekt er det at det nye studiet slår så godt an. Behovet for kompetanse innan økonomi, administrasjon og leiing er stor, både på Vestlandet og i Noreg, seier Naustdal.

Mange ønsker å ta nettstudium. Dei nettbaserte studia innan samfunnsfag, historie og sosiologi er og svært populære. Årsstudium på nett i samfunnsfag er det studiet som har høgast poenggrense ved høgskulen med 60,7. 

10 på topp - Her er utdanningane med lengst venteliste

1. Bachelor i økonomi og administrasjon, Bergen, 1453
2. Bachelor i sjukepleie heiltid, Bergen, 1317
3. Bachelor i fysioterapi, Bergen, 938
4. Bachelor i sosialt arbeid, Bergen, 583
5. Årsstudium i Human Resource Management og leiing, Bergen, 559
6. Bachelor i sjukepleie, deltid, Bergen, 425
7. Årsstudium i digital økonomi og leiing, Bergen, 365
8. Bachelor i vernepleie, Bergen, 361
9. Bachelor i radiografi, Bergen, 280
10. Bachelor i ergoterapi, Bergen, 175

Fakta om Høgskulen på Vestlandet

  • 6966 personar har fått tilbod om studieplass ved HVL hausten 2025 gjennom Samordna opptak. I tillegg har 6080 fått tilbod gjennom lokalt opptak.
  • I år er det bachelorutdanningane i økonomi og administrasjon, sjukepleie, fysioterapi og sosialt arbeid, samt årsstudium i Human Resource Management og leiing som har lengst venteliste.
  • HVL er ein av dei største høgare utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 16.000 studentar og 1900 tilsette. Kvart år uteksaminerer høgskulen 3000 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.
  • HVL har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
  • I juni 2024 sendte Høgskulen på Vestlandet inn sin søknad til NOKUT om å bli Universitetet på Vestlandet – eit universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil.