
Nasjonalt vitenarkiv (NVA)
Nasjonalt vitenarkiv (NVA) er ope for registring av forskingsresultat og for opplasting av publikasjonar.
Les meir på dei nye NVA-sidene våre.
Kva skjer med HVL Open?
Alt innhald frå det tidlegare institusjonsarkivet vårt HVL Open er overført til NVA.
Kva blir annleis i det nye systemet?
Overgangar til nye system er alltid krevjande, men på sikt vil NVA lette registrering av resultat for forskarar.
– Ein fordel er at du som forskar vil kunne kople din ORCID (Open Researcher and Contributor iD) til din brukarprofil i NVA, noko som gjer registreringa av publikasjonar enklare, seier førstebibliotekar Vidar Rongved.
Mange har etterspurt moglegheita til å registrere eit resultat med ein Digital Object Identifier (DOI). Dette blir mogleg i NVA.
– Her vil ein starte registreringa ved å skrive inn ein DOI, og systemet vil då automatisk hente metadata og legge dei på rett stad i registreringsskjemaet, seier Rongved.
Korleis får vi opplæring i det nye systemet?
Velkommen til introduksjonswebinar om NVA med innlagt tid til individuell rettleiing i registrering og opplasting:
Har du elles spørsmål? Skriv til nva@hvl.no.