Per Eilif Thorvaldsen og Katrine Sele har vunne HVL sin språkpris

Høgskulen på Vestlandet sin språkpris for 2021 går til førsteamanuensis Per Eilif Thorvaldsen og rådgivar Katrine Sele.

Det er andre året HVL deler ut språkprisen. I år blir prisen delt mellom Per Eilif Thorvaldsen, førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag – og Katrine Sele, rådgjevar i avdeling for kommunikasjon.

– Vi er veldig glade for å kunne dele ut språkprisen til to sterke kandidatar, som begge bidrar til å synleggjere HVL på ein svært god måte. Det er spesielt kjekt å kunne gi pris som viser at formidlinga og språkarbeidet vårt går føre seg både blant fagleg og administrativt tilsette, og at det er i fellesskap vi blir gode, seier leiar for språkpolitisk utval, Geir Kåre Resland.

Prisen blei delt ut på HVL sin språkdag  1. desember av rektor Gunnar Yttri.

Glade for å bli heidra

- Korleis var det å vinne HVL sin språkpris?

– Dette var herleg! Eg er opptatt av både formidling og språk. Språk er eit viktig verktøy for god kommunikasjon. Eg nyttar bevisst mine språklege evner i formidling for å gjere stoffet meir interessant, morosamt og lærerikt. Formidling til studentar og allmenta er mi viktigaste oppgåve, seier Per Eilif Thorvaldsen.

Katrine Sele er også svært glad for å bli heidra med språkprisen frå høgskulen.

– Eg er utruleg glad for å bli heidra på denne måten av mine eigne kollegaer! Det er stort. Prisen gjer at eg kjenner meg sett, og at eg får tru på at arbeidet mitt gjer ein forskjell. Å formidle forsking og å rettleie folk i skriving og anna formidling, er meiningsfylt og dessutan også veldig gøy! fortel Katrine Sele.

Delt pris

Sjølve språkprisen er på 25 000 kroner. Denne summen blir i år delt mellom dei to prisvinnarane. Thorvaldsen har allereie planar for prispengane.

- Eg gir i disse dagar ut  mi tredje fagbok på norsk, som handlar om klassisk mekanikk. Boka er skriven for studentar og andre som synest at mekanikk er vanskeleg. Høgskulen støttar utgjevinga, og eg spyttar i prispengane, slik at me kan trykke opp enda fleire bøker. Boka skal delast ut gratis, under mottoet «kunnskap til folket», seier Thorvaldsen.

- Når det gjeld språk finst det alltid rom for å lære meir. Så eg tenkjer eg vil bruke pengane i ei retning som gjer at eg kan løfte meg sjølv endå meir på det feltet, seier Sele.

Brenn for god formidling

I statuttane for prisen står det at prisen skal gå til nokon som har «som har gjort ein systematisk innsats for å jobbe med formidling og norsk fagspråk». Er dette eit tema som de er opptekne av?

– Eg har drive med formidling i heile mitt vaksne liv, og har alltid vore opptatt av klar kommunikasjon. Eg likar å lære, og å sette meg inn i kompliserte ting, og deretter prøve å formidle det til andre på ein forståeleg måte. Eg elskar rolla mi som lærar, der eg får moglegheit til å lære saman med studentane mine. Eg likar også formidlinga mot allmenta, som eg driv med i tillegg til undervisninga. Eg er heldig som har ein arbeidsgjevar som gir meg moglegheit til å gjere begge deler, seier Per Eilif Thorvaldsen. 

– Populærvitskapleg formidling er den viktigaste delen av jobben min, og sidan eg jobbar mot norske medium, skjer det på norsk. Eg synest dessutan det er viktig å finne måtar å utrykke også abstrakt, vanskeleg og internasjonal forsking både på norsk og i kvardagsspråk. Først då blir kunnskapen verkeleg tilgjengeleg for samfunnet rundt oss, meiner Katrine Sele og legg til:

– Eg jobbar hovudsakleg med ekstern synlegheit, som vil seie at eg skal få fram stemmer frå HVL i samfunnsdebatten. Her har fagfolk frå høgskulen svært mykje viktig og relevant kunnskap å bidra med på mange felt, så eg har verkeleg lyst til å få dette til og blir glad kvar gong vi lykkast med å nå ut. Då må fagpersonen og eg vanlegvis samarbeide for å forenkle bodskapen og komme til kjernen av saka. Kva er det som er viktig her? Korleis kan vi få lesaren eller lyttaren til å leve seg inn i det?

Laus og ledig

På spørsmål om dei to prisvinnarane har formidlingstips å dele, svarar dei:

– Eg skal vere forsiktig med å gi andre tips, men eg har funne ut at det å vere litt laus og ledig i stilen kan vere ein fordel når du ønsker å nå fram med bodskapet ditt, seier Thorvaldsen. 

– Stol på deg sjølv som forteljar! Det er så fort gjort å hamne i skuggen av vitskapleg språk, byråkratisk språk eller vande seiemåtar, og det er lett å tenkje at andre folk har sagt ting mykje betre enn det du sjølv kan. Slik er det ikkje. Du har ei stemme som er verdt å høyre på. Aldri tvil på det, seier Katrine Sele.

Vi gratulerer begge to med HVL sin språkpris for 2021.


Grunngivingar frå juryen i språkpolitisk utval:

Per Eilif Thorvaldsen, førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag

Per E. Thorvaldsen er ein engasjert formidlar, som ytrar seg i ei rekke kanalar. Han har mellom anna skrive ei mengd kronikkar og debattinnlegg i norske aviser, har ein eigen youtube-kanal og ei teknologispalte i Dag og Tid. Thorvaldsen har også skrive fleire lærebøker i elektrofag på norsk, og bidreg med dette til å bevare og utvikle norsk terminologi innan fagområde der engelsk stadig brer om seg.

Katrine Sele, Rådgivar i avdeling for kommunikasjon

Sele er ei ein eigen klasse når det gjeld formidling av vanskelege tema. Ho er ikkje redd for å ta tak i abstrakte og lite tilgjengelege fagområde når ho skriv om forsking, og greier på ein framifrå måte å gjere dette til tekstar som flyt lett for lesaren. Fagtilsette opplever i møte med Sele at dei sjølve, og ekspertområda deira, blir svært godt ivaretekne i tekstane hennar, og at forskingsformidlinga gjev ein ekstra dimensjon til resultata. I tillegg bidreg Sele sitt arbeid til at vanskelege faguttrykk på engelsk blir lettare tilgjengelege for både studentar og ålmenta gjennom den populærvitskaplege formidlinga på nynorsk.

Høgskulen på Vestlandet sin språkpris:

  • Språkprisen er ein av fire HVL-prisar.
  • Prisen er på 25 000 kroner og vert delt ut årleg for å fremje fagmiljø eller enkeltpersonar som har markert seg når det gjeld formidling og god norsk språkbruk, fortrinnsvis på nynorsk.
  • Prisen går til kandidatar som har gjort ein merkbar innsats for å formidle faget eller forskinga si på ein framifrå måte. Det blir spesielt lagt vekt på gjennomslagskraft og synlegheit lokalt/regionalt og eit godt, klart språk. Her kan du lese meir om prisen og statuttane.
  • Tidlegare prisvinnarar:
    2020: Førsteamanuensis Rune Herheim ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking.