Reiselivsstudentane inviterte til seminar om nyskaping i reiselivet

Andre- og tredjeårsstudentane ved bachelorprogrammet i Reiselivsleiing i Sogndal sørga for eit interessant program med ei breidde i perspektiv på framtidas reiseliv.

Seminaret fann stad 25.oktober. På programmet stod innlegg frå Innovasjon Norge ved Inger Merete Øygard, Erlend Fardal Lunde, Bulder & Brak Opplevingar ved Torunn Laberg, Wonderlust ved Toril Partenyi og Sogndal Fjordpanorama ved Jostein Mo.

Reiseliv2.jpgErlend Fardal Lunde held sitt innlegg om berekraftig leiarskap.

Student Janne Merete Bøyum legg ikkje skjul på at ho synest arbeidet med seminaret har vore krevjande.

-Vi har vore 30 studentar – 30 hjernar med ulike tankar - som har måtte arbeida i lag, men det er veldig lærerikt og eg er godt nøgd med programmet vi har satt saman. Programmet gir ei god innsikt i ulike aspekt ved reiselivet og prøvar å fange ulike interesser og område, både innovasjonsaspekt og motivasjonen for å arbeide med reiseliv, seier ho.

Mange fann vegen til reiselivsseminaret i Sogndal.

Studentane får skryt frå høgskulelektor Eli Kristin Nytun Leirdal, som har fulgt opp studentane gjennom arbeidet med seminaret.
- Dei har jobba i heile haust med å stelle dette i stad. Studentane har funne interessante menneske med erfaring frå ulike deler av reiselivet. Målet med seminaret er å sjå kunnskap i praksis, seier ho.