Rekordhøge lesartall for HVL-fagfolk i Store norske leksikon

Artikkelen om koronavirusepidemien av Geir Sverre Braut blir framheva av SNL som ein av dei beste i året som gjekk. Korona og heimeskule har bidrege til at bruken av SNL har skote fart.

SNL gir en særeigen sjanse for forskarar som ønsker å nå ut med grunnleggjande kunnskap innafor sine fagfelt. I 2020 blei dei 1284 artiklane som fagansvarlege ved HVL har ansvar for lest heile 907 335 gonger, viser statistikken. Dermed har HVL-tilsette nådd vidt ut med formidling av kunnskap innafor eit stort mangfald av tema, som for eksempel Tyrkia, koronapandemien, helse, forvitring, urin og konstruksjonsteknikk, berre for å nemne nokre tekstar som slo ekstra godt an.

Passande nok er det artikkelen Tabell over store tall knytt til Jon Eivind Vatne sitt fagområde som er mest lesen. Han synst det er stor stas at denne teksten har vorte lesen nærmare 60.000 gonger på berre nokre få månader:

- Det er artig! Interessa for akkurat dette temaet er konstant, særleg blant barn, som er grenselaust fascinerte av store tal og det uendelege, seier Vatne.

Meir lest enn nokon sinne

Store norske leksikon skriv i årsrapporten sin for 2020 at veksten i lesartal har vore større enn nokon gong tidlegare: «For fyrste gong har det blitt lese meir enn 1 000 000 leksikonartiklar på eitt år. I snitt har kvar nordmann lese over 20 artiklar SNL i 2020. Mykje av oppgangen kjem av heimeskule og auka bruk av SNL.no som læringsressurs blant skuleelevar, men tematikk som heile folket har vore opptatt av – som epidemiar, virus og vaksinar - har og bidratt til den eksplosive auka».

Dei fagansvarlege ved HVL dekker til saman eit vidt spekter av kategoriar, som samfunnsfag, historie, medisin, meteorologi, eldreomsorg, matematikk, idrett, geomorfologi, konstruksjonsteknikk og litteratur.

Dei 10 mest leste HVL-artiklane er:

 HVL-professor om koronapandemien

Lege og professor i samfunnstryggleik Geir Sverre Braut har vore med på å skrive ein av dei mest aktuelle SNL-artiklane for 2020: «Koronavirus-pandemien 2020-2021». Artikkelen blir av SNL framheva som ein av dei beste frå 2020 og tek for seg oppdaginga og spreiinga av viruset, smitte- og sjukdomssituasjonen i Norge, samt innverknad og tiltak her til lands.

Braut er spesialist i samfunnsmedisin og vart i 2020 utnemnd av regjeringa til å sitte i Koronakommisjonen – ein uavhengig kommisjon som skal gå gjennom og evaluere korleis styresmaktene handterte Covid 19-pandemien. Braut delte også av sin samfunnmedisinske kompetanse for både studentar og andre tilhøyrarar da han i januar gjesta det årlege HVL-arrangementet Samtidsdagane. Her heldt Braut opningsinnlegget «Uvisse i tryggleikens tidsalder» kor han tok opp samfunnet si handtering av koronautbrotet, og korleis det å sanke kunnskap og danne eit felles risikobilde er sentralt for å møte uvissa som vi står overfor på ein fornuftig måte. 

Med utgangspunkt i programposten skreiv forskning.no ein artikkel om kva følgjer pandemiar har og historisk sett har hatt på samfunnsorganisering -og styring. I tillegg gjesta Braut «Frokostradioen» på NRK P1+ og snakka om korleis pandemiar og sjukdomsutbrot har ført til viktig kunnskapsauke når det gjeld hygiene, smitte og sanitæranlegg, og betydelege endringar i folks åtferd. Kva endringar får vi som følgje av denne pandemien? Kva skjer med handhelsing og klemming post-korona? Høyr radioklippa  her.

Formidling i tråd med høgskulen sin visjon

Rektor Gunnar Yttri meiner det har stor verdi at fagtilsette ved HVL delar kunnskapen sin på ulike plattformar og for eit breitt publikum:

- Eg syns det er flott å sjå at dyktige fagpersoner frå HVL er til stades i det offentlege ordskiftet og delar vitskapeleg basert kunnskap med alt frå skuleelevar til statsleiarar, i tillegg til studentane. Det er verdifullt at HVL og dei tilsette ser på denne typen formidling som noko som styrkar både den enkelte, institusjonen og samfunnet.

Yttri oppmodar fleire til å melde interesse som fagansvarleg hos SNL:

- Meld deg! Høyr om du kan bidra med kunnskap frå ditt ekspertområde, og ta del i kunnskapsformidlinga også utafor akademia.

Her kan du lese om korleis Jon Eivind Vatne syns det er å vere fagansvarleg.

Interessert? Ta kontakt med SNL direkte (lenke), eller kontakt Thale J. Åsli i AKS.