
Rettleiaren for emne- og studieplanar ved HVL blir endra
Oppdatert etter gjeldande regelverk og for å bli meir brukarvennleg. Utdanningsutvalet vedtok endringane onsdag 11.november.
Rettleiaren vart utarbeidd i 2019 og har seinare blitt justert fleire gonger. Etter tilbakemelding frå Nokut i samband med tilsyn av kvalitetssystemet tok prorektor for utdanning initiativ hausten 2025 til ein breiare revisjon for å sikre at rettleiinga er oppdatert etter gjeldande regelverk, og at den fungerer som eit tydeleg og brukarvenleg pedagogisk og administrativt verktøy i kvalitetsarbeidet.
Brei involvering
Ei breitt samansett arbeidsgruppe med representantar frå fakulteta og sentrale administrative einingar utarbeidd forslaget til ny rettleiar og justerte malar. Våren 2026 var det ei administrativ høyring og deretter behandling i dei fakultetsvise utdanningsutvala hausten 2026. Arbeidsgruppa har gjort fleire innstrammingar og presiseringar i utkastet før den nådde bordet til Utdanningsutvalet og vart vedteke.
Den reviderte rettleiaren blir teke i bruk frå nyttår. Etter planen skal det også komme eigne læringsressursar på nettsidene for rettleiaren etter kvart.
Her kan du lese meir om utdanningsutvalet ved HVL og dei andre sakene som vart behandla i møtet 11.november
Tydelegare retning for planlegging og kvalitetsutvikling
Prodekan for utdanning ved FHS, Ane Kristiansen Solbraa, meiner at rettleiaren no blir eit betre verktøy for emneansvarlege utover dei tekniske og formelle krava som har vore fram til no. Ho fortel at det første kapittelet i rettleiaren om læringsdesign vil gi tilsette eit forskingsbasert og pedagogisk rammeverk gjennom modell for læringsdesign, utvikla ved HVL.
- Modellen rustar emne- og studieprogramansvarlege til å utvikle utdanningar med undervisnings-, lærings- og vurderingsformer som er tilpassa læringsutbyttet. Den gir oss ein felles metodikk og tydeleg retning for planlegging og kvalitetsutvikling i studieprogramma og til å ikkje designe utdanning i et vakuum, men i tett samspel med den reelle konteksten. Rettleiaren gir i tillegg konkret rettleiing i utforming av læringsutbyttebeskrivingar, og vil samla støtte vårt arbeid med å tilby utdanningar med høg kvalitet, seier Solbraa, som også er medlem av Utdanningsutvalet.
Baklengsplanlegging
- Med baklengsplanlegging, frå programvisjon og ønskeleg læringsutbytte til val av undervisnings-, lærings- og vurderingsformer, støttar modellen emne- og studieprogramansvarlege i å utvikle heilskaplege utdanningar tilpassa læringsutbytta. For FHS er det spesielt nyttig at den reviderte rettleiaren omtalar dei nasjonale retningslinjene innan helse- og sosialfaga (RETHOS), og vårt handlingsrom når vi skal utforme emne- og studieplanar med utgangspunkt i disse, legg ho til.
Saknar fokus på arbeidslivsrelevant KI
Studentrepresentantane i Utdanningsutvalet, Mathias Tønnesen og Vilde Dohmen Berg, er stort sett fornøgde og meiner at det kjem fram mykje bra i den nye rettleiaren.
- Samtidig saknar vi eit enda større fokus på arbeidsbelastning på studentane, at forelesarane i større grad må tenke over talet på undervisingstimar når dei lagar læringsaktiviteter. Vi saknar også eit eige punkt for arbeidslivsrelevant KI bruk gjennom heile dokumentet, i og med at i Sørensen-rapporten poengterte at dette er eit av dei viktigaste punkta å få inn i utdanninga framover. Elles er vi veldig fornøgde med læringsdesign som heilskap, og at dette er godt å få inn, seier dei.