Rustar framtidas barnevernspedagogar

—I dag har eg fått presentert mykje interessant og viktig arbeid. Det at forskinga som blir gjort her er tett på samfunnsutfordringar og blir nytta til å legge grunnlag for undervisning er ein styrke ved utdanninga, sa barne – og familievernminister Kjersti Toppe då ho gjesta campus Sogndal i dag.

—Det å bygge gode utdanningar i tett samspel med ulike kommunar og verksemder er noko vi er optekne av. På Høgskulen på Vestlandet og i Sogndal har vi hatt ei utvikling som vitnar om arbeid over tid, sa Gunnar Yttri då han ønska Kjersti Toppe velkommen til møte om barnevernsutdanninga ved campus Sogndal i dag. 

Til stades var ulike representantar frå Fakultet for helse - og sosialvitskap og barnevernsutdanninga. 

—Studentar som endringsagentar

—Vi ønsker at studentane våre skal vere endringsagentar og fornyarar av tenester. Difor er nyskaping, innovasjon og samskaping noko vi oppfordrar til og støtter opp om, fortalte høgskulelektor Bosse Litsheim.

— Det å gå barn og unge i møte og innlemme deira interesser i miljøterapautisk arbeid er viktig. Dette er noko som kan hjelpe framtidas barnevernspedagogar med å nå ut til dei mest sårbare av barn og unge. Her er bruk av gaming som miljøterapautisk verktøy eit døme på ei nyskaping som kan hjelpe mange.

Kjersti Toppe lytta med merksemd på Litsheim og hadde trua på den vidare utviklinga av prosjektet:

—Dette kan eg levande sjå for meg at er eit god verktøy, og ein god måte å engasjere og møte ungdommar i noko dei sjølv kjenner godt.  

Forskingsprosjekt om fattigdom visar at barneperspektivet ikkje blir ivareteke

—Trass mykje kunnskap om at barn som veks opp med fattigdom har større risiko for fysiske og psykiske helseplagar er det uvisst korleis hjelp inn mot barns levekår blir handtert i barnevernet og NAV, fortalte førsteamanuensis Tone Jørgensen. Ho presenterte eit pågåande forskingsprosjekt Challenges of participation  https://www.chapar.no/.

—Eit viktig mål for arbeidet er å utvikle nye modellar for samarbeid som fremjar barns medverknad, fortalte Jørgensen.

Presentasjonen blei møtt med entusiasme frå Toppe:

—Fattigdom i barnefamiliar er noko eg er oppteken av og ei stor utfordring for samfunnet, difor er det viktig at de ved Høgskulen på Vestlandet retter fokus på dette viktige problemet, synleggjer det og ser på løysingar

Aktuell kunnskapsproduksjon – praksisnære utdanningar

Eit sentralt punkt under møtet var korleis ein på best mogleg måte kan sikre at studentane har dei verktøya dei treng når dei går ut i praksis. 

—Om studentane våre er godt nok skodd til å tre ut i arbeid er noko vi heile tida tenkjer på, fortalte fagseksjonsleiar for barnevern, Sandra Opheim.

—Her finnes ingen enkle svar, men for oss er det viktig å være tett på problema gjennom forsking, men også ved å gjere utdanningane våre så nære praksis som mogleg også ved å hente aktørar frå praksisfeltet inn, sa Skår og meinte det er mykje optimisme å spore:

—Vi har gode søkartal til utdanninga vår og er optekne av å tilby utdanning som gir eit solid grunnlag når ein går ut i arbeidslivet. Dette er avgjerande for å utvikle faget videre og utdanne framtidas barnevernspedagogar.