Høgskulen på Vestlandet har størst vekst i landet

Sjukepleie er det mest populære studiet ved Høgskulen på Vestlandet, og har ein auke i søkartal på over 50 prosent. Tal frå Samordna opptak viser òg at fleire vil bli lærar, ingeniør og økonom.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er den utdanningsinstitusjonen som har størst auke i førstevalssøkarar i heile landet. Totalt er det 9139 som har HVL som sitt førsteval i Samordna opptak i år, ein auke på heile 15,5 prosent samanlikna med i fjor. Nasjonalt er det ein liten nedgang i talet på søkarar på 0,3 prosent.

Prorektor for utdanning ved HVL, Anne- Grethe Naustdal, er svært glad for at så mange ønsker å studere ved HVL.

– Vi gler oss over dei gode søkartala og skal ta i mot dei nye studentane på beste vis, seier Naustdal.

Ho framhevar at HVL utdannar til yrke det er stort behov for i samfunnet, som
sjukepleiar, lærar og ingeniør.

– Tida vi lever i er ei uroleg tid, og eg trur mange unge ønsker seg ein trygg jobb for framtida. Det får dei hos oss. Vi veit at svært mange som er utdanna ved HVL får relevant jobb kort tid etter at dei er ferdig med studiet, seier prorektoren.

Tal på førstevalssøkarar HVL

Sjukepleie aukar mest, Bergen på topp 10 nasjonalt

Auken i søkartala til bachelor i sjukepleie er ein viktig grunn til veksten ved HVL. Sjukepleie i Bergen er inne på topp 10-lista over dei mest søkte studia i Samordna opptak.

Totalt er det 1926 personar som har bachelor i sjukepleie ved HVL som sitt førsteval i årets opptak. Tilsvarande tal i fjor var 1273, noko som gir ein auke på heile 51,3 prosent. Nasjonalt er det ei auke i talet på søkarar til sjukepleiarutdanninga på 39,7 prosent.

– At så mange unge ønsker å bli sjukepleiar er svært gledeleg. Fleire stader i landet vil det bli stor konkurranse om å kome inn på sjukepleiarstudiet. Eg trur det er fleire grunnar til den store auken; at karakterkrava er fjerna, at unge ønsker seg ein sikker jobb og at mange ser både verdien og dei mange karrieremoglegheitene som ligg i sjukepleiaryrket, seier Naustdal.


Foto: HVL/Mauricio Pavez/Tora Andersen

Sjølv om det er Bergen som har den største veksten, aukar talet på søkarar til sjukepleiarutdanninga ved alle HVL sine campus, samanlikna med i fjor. Deltidsutdanninga i både Bergen og Haugesund er òg svært populær.

– Vi utdannar til heile Vestlandet, og eg er veldig glad for at vi også rekrutterer godt til dei mindre campusane våre. Det er viktig med tanke på det store behovet for sjukepleiarar i distrikta og i kommunehelsetenesta, seier ho.

Det er generelt mange søkarar til helse- og sosialutdanningane ved HVL, både på bachelor- og masternivå. Bachelor i fysioterapi og sosialt arbeid er utdanningar der det er stor konkurranse om å komme inn.

Grunnskulelærar og ingeniørfaga har òg gode søkartal i år samanlikna med i fjor, og bidrar til den store veksten til HVL. Det same gjer økonomi- og administrasjonsfag, som er svært populære.

Foto: HVL/Ingvild C. Festervoll Melien

Oppgang for grunnskulelærar

Etter fleire år med nedgang i søknad til grunnskulelærarutdanningane, er det no positive tendensar. Samla sett har Høgskulen på Vestlandet ein auke på 10,8 prosent for grunnskulelærarutdanningane samanlikna med i fjor. Det betyr at til saman 489 personar har grunnskulelærarutdanning ved HVL som førsteval i sin søknad.

 – Vi gler oss over at fleire vil bli lærarar. Dette er eit av dei viktigaste yrka som finst, og vi har jobba hardt for å auke rekrutteringa til læraryrket, seier Naustdal.

Høgskulen på Vestlandet har i fleire år leia det nasjonale prosjektet for lærarrekruttering. Rekrutteringsprosjektet har som mål at fleire søker lærarutdanning og startar i yrket, samt at det blir eit større mangfald blant lærarar i barnehage og skule. Årets tal viser at delen menn som ønsker å bli lærar har auka med seks prosent ved HVL.

Ledige studieplassar på barnehagelærar

HVL har ei av dei største barnehagelærarutdanningane i landet. For dei campusbaserte tilboda er det nedgang, men inkluderer ein søkinga til den arbeidsplassbaserte deltidsutdanninga, ser situasjonen lysare ut. I samarbeid med mellom anna Hardanger Voss-Kvinnherad studiesenter er det oppretta fleksible utdanningar som er retta mot folk som allereie jobbar i barnehage, men som ikkje har utdanning innan yrket.

– Vi hadde håpa på fleire søkarar til den campusbaserte barnehagelærarutdanninga, samtidig er det gledeleg at det fleksible utdanningstilbodet vårt i Førde og i Hardanger har slått an, seier Naustdal.

På barnehagelærarutdanninga vil det vere ledige plassar ved alle campus. Det er mogleg å gjere omprioriteringar fram til 1. juli og søke på ledige studieplassar frå 20. juli og fram til studiestart i august.

Frå hausten tilbyr HVL også for første gong ei bachelorutdanning i skulfritidspedagogikk, retta mot folk som jobbar i SFO. Denne utdanninga har til saman 60 førstevalssøkarar.


Foto: HVL/Mauricio Pavez

Ingeniørfaga veks, stor interesse for fleksible utdanningar

Det er stort behov for ingeniørar framover og kompetanse innan teknologi, berekraft og grøn omstilling er særleg etterspurt. HVL har mange ingeniørutdanningar. Elektro, maskin, bygg, marinteknikk og havteknologi har ein auke i søkartala, medan data, brann og energiteknologi har ein nedgang. Maskiningeniør og marinteknikk opplever òg at kvinneandelen aukar med til saman 8 prosent.

Overordna opplever ingeniørfaga ved HVL ein vekst på 10,7 prosent, i motsetnad til landet elles der det er ein nedgang. HVL jobbar på mange ulike måtar med å tilpasse utdanningane til behova i arbeidslivet. Nye, fleksible utdanningstilbod og omleggingar av eksisterande studium har gitt ekstra gode resultat for søknaden i år.

Eit nytt samlingsbasert deltidsstudium innan elektroteknologi i Førde er blant studia som har trekt svært mange. Her er det 91 førstevalssøkarar til 13 studieplassar. Utforminga av studiet har skjedd i tett samspel med næringslivet i Førde og omegn.

– Dette grepet for å styrke rekrutteringa, har verkeleg lykkast, og det er svært positivt. Med deltidstilbodet når vi andre søkarar enn med heiltidstilbodet, sidan denne utdanninga er mogleg å kombinere med jobb, seier Naustdal.

Nytt studium i HRM og leiing slår an

Også innan økonomi og leiing er utviklinga for HVL sterk, med ein vekst i førstevalsøkarar på 35,2 prosent. Til samanlikning ligg veksten nasjonalt på 1,1 prosent.

Eit nytt årsstudium innan Human Resource Managemet og leiing ligg i år øvst på lista over studia det er størst konkurranse om å komme inn på ved HVL. Her er det nærare 12 søkarar per studieplass.

For studentar innan økonomi og ingeniørvitskap finst det fleire masterstudium ved HVL som leier vidare til ein grad som siviløkonom eller sivilingeniør. Siviløkonomstudia har jamn søknad, mens sivilingeniør har ein vekst i søkartalet innanfor alle studieretningane.

Bachelor og årsstudium i historie, som er eit reint nettstudium, går opp heile 38 prosent i talet førstevalssøkarar, mens faget elles går tilbake nasjonalt. Her er nettopp omlegginga til nett og fleksibiliteten ein nøkkel til suksess.

Også dei nettbaserte studia innan engelsk, sosiologi og samfunnsfag er svært populære. Elles har høgskulen eit stor tal etter- og vidareutdanningar som også trekk mange søkarar, særleg innanfor helsefag og pedagogikk.

Utdanningar med størst konkurranse (førstevalsøkar per plass)

  • HRM og leiing, årsstudium, Bergen
  • Samfunnsfag, årsstudium, nett/Sogndal
  • Sosialt arbeid, Bergen
  • Ingeniør, elektroteknologi, deltid, Førde
  • Fysioterapi, Bergen
  • Økonomi og administrasjon, Bergen
  • Sjukepleie, deltid, Bergen
  • Administrasjon og leiing, årsstudium, Haugesund
  • Sjukepleie, deltid, Haugesund
  • Sjukepleie, Bergen 

Fakta om Høgskulen på Vestlandet

  • HVL er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 17.000 studentar og 1800 tilsette
  • HVL har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
  • HVL uteksaminerer kvart år 2500 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver
  • Kandidatundersøkingar viser at 8 av 10 av dei som blir utdanna frå Høgskulen på Vestlandet, blir verande i regionen og finn seg raskt relevant arbeid
  • HVL har sendt inn søknad til NOKUT for å bli eit universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil.