
Satsar sterkt på nye sivilingeniørutdanningar
Hausten 2023 startar HVL opp to nye sivilingeniørutdanningar: Master i berekraftig energiteknologi og master i anvendt datateknologi og ingeniørvitskap.
Denne veka blei satsinga markert, i kombinasjon med opning av nye laboratorium for forsking og undervising ved campus Bergen.
–Vi gler oss til å ta imot nye masterstudentar til hausten og håpar mange vil søke. Vi veit at dei som utdannar seg til sivilingeniørar ved HVL vil bli etterspurde på arbeidsmarknaden, seier dekan Jens Kristian Fosse.
Han peikar på at omstillinga som næringslivet i regionen står ovanfor er svært kunnskapsintensiv og krev eit høgare kompetansenivå:
–Dei nye masterutdanningane ved HVL svarar såleis på viktige behov i næringslivet, både når det gjeld det grøne skiftet og digitalisering, seier Fosse.
Onsdag blei studentane ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap invitert på pizza og informasjon om dei nye mastertilboda i studentbaren Kronbar. Tre av desse var Sebastian Sorteberg, Hans Skjenken og Henrik Abildgaard. Kameratane studerer energiteknologi ved HVL og synest masterstudiet høyrest interessant ut.
– Eg vurderer å søkje eller eventuelt jobbe litt og ta ein master seinare, fortel Hans Skjenken.
Grøn omstilling og digitalisering
Masterstudiet i berekraftig energiteknologi går rett inn omstillinga som samfunnet står ovanfor på energifeltet. Kunnskap om berekraft og samspel mellom teknologi, samfunn, klima og miljø står sentralt i studiet.
Studentane får mellom anna kompetanse til å vurdere val av ulike energikjelder, teknologiar, material og konverteringsprosessar, og kva konsekvensar vala medfører. Det blir lagt til rette for at studentane kan fordjupe seg i ulike tema som til dømes energisystem, grøn skipsfart, og havenergi.
Studiet blir lokalisert ved campus Bergen.
Masterstudiet i anvendt datateknologi og ingeniørvitskap gir kompetanse om avansert og innovativ bruk av informasjonsteknologi i utviklinga av nye produkt, tenester og løysingar.
I masterprogrammet kan studentane velje mellom to ulike studieretningar: Ingeniørvitskapleg studieretning med vekt på cyberfysiske system, og datavitskapleg studieretning med vekt på datadrevne system.
Studiet blir tilbydd ved campus Førde og campus Bergen.
Sjå informasjonsfilm om masterstudiet i anvendt datateknologi og ingeniørvitskap her.
Nye laboratorium for engergiteknologi
I forkant av samlinga i studentbaren, blei også dørene til to nye laboratorium på ingeniørutdanningane opna.
Det eine laboratoriet husar avansert teknologi som mellom anna skal nyttast til undervising og forsking på fornybar energi. Deler av utstyret er finansiert av Trond Mohn gjennom Framostiftelsen.
Professor og primus motor Dhayalan Velauthapillai nytta høve til å takke for støtta han har fått for å realisere draumeprosjektet.
- Då eg starta å jobbe med dette for mange år tilbake var det berre ein draum at vi skulle få eit slikt laboratorium ved HVL. Når eg reiste rundt i Asia såg eg at fornybar energi kom til å komme. Men i Norge var det få som brydde seg om solceller og slikt den gong. Samtidig såg eg at vi hadde moglegheiter om vi satsa på nanoteknologi, fortalde Dhayalan.
Professoren har etterkvart bygd opp eit stort internasjonalt nettverk med ph.d-studentar som forskar nye nanaomateriale som kan brukast til å produsere energi. Målet er å skape nye og reine energiløysingar, redusere kostnader, og gjere energiproduksjon meir tilgjengeleg.
Det andre laboratoriet, høgspentlaboratoriet, var eigentleg planlagt til bruk då campusen på Kronstad i Bergen sto ferdig i 2014. Behov for tekniske utbetringar har derimot gjort at laboratoriet meir eller mindre har stått stengt. Etter lang ventetid kan fagmiljøet endeleg ta laboratoriet i bruk til undervising og forsking etter jul.
Labingeniør Lars Manger Ekroll viste publikum inn i det nyetablerte høgsspentlaboratoriet.
Laboratoriet er bygd som eit rom i rommet med innvendige stålplater.
– Måten dette laboratoriet er bygd på er det ingen andre i Norge som har gjort før, fortalde Ekroll.